Om skulen
Linjer / fag

Sirkuslinje

Nysirkus
luftakrobatikk
Luftakrobatikk
sirkus09
Show
sirkusklassen
Eige treningsrom
sjonglering
Sjonglering
Tøy er nytt for mange
Sirkuslinja på Fjordane Folkehøgskule er meir retta mot nysirkus enn tradisjonelt sirkus. Her kan det handle om streetdance og drama som det handlar om sjonglering, klovneri, luftakrobatikk, linedans og balansekunst.
I tillegg til desse faga vil du få innføring i golvakrobatikk, trapes/tøy, bevegelseslære, kroppskontroll og trening i å opptre på scene. I kortare periodar vil det bli undervist i andre emne som enhjulssykling, dans ol.

Annleis år
Dette er eit skuleår som passar like godt for deg som vil ha eit annleis år utan vidare ambisjonar, som for deg med ein liten sirkusartist i magen. Vi stiller ingen krav til forkunnskapar eller tidlegare erfaring, men vi forventar at du er motivert for å jobbe. Du bør vere over 18 år og du vil få undervisning i sirkusfag 18 timar pr. veke.
 

For deg med eller utan sirkusmani
Linja starta opp i 1997 i eit samarbeid med Cirkus Agora. Linja har etter kvart blitt ei unik og populær linje for dei som har ”sirkusmani”, mykje takka vere lærarane sitt fokus på alt frå tradisjonelt sirkus til nysirkus. Det du lærer kan du ta med deg vidare i sirkusmanesjen, på ein sirkusskule i utlandet, på teaterscena, eller som dei fleste gjer - som ein spenstig hobby!

 

Publikumsshow
Linja har eige treningsrom og tilgang til fullrigga scene i Aulaen med lyd og lys. Dette gjer at dei showa sirkuselevane produserer for lokalmiljøet og for skular og barnehagar i nærområdet blir svært profesjonelle.

Gjestelærarar
For å få ekstra inspirasjon og variasjon, blir det kvart år henta inn utanlandske gjestelærarar som underviser på sitt spesialfag.

Som ein ekstra godbit tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskole i utlandet. Dei siste åra har det vore Cirkus Cirkør i Sverige.
  
Springbrett til vidare studie i utlandet
Kvart år er det 2-4 elevar som brukar året på Fjordane som springbrett til vidare sirkusstudier enten i Danmark, Nederland, Belgia eller Sverige. Erfaringa er at du gjennom målbevist trening kan skaffe deg eit godt grunnlag gjennom året på Fjordane slik at du klarer opptaksprøver til vidare sirkusstudier. Men dei fleste elevane på linja ønskjer å ha sirkus som ein positiv hobby.

Spørsmål om sirkuslinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880

Søkje om plass?
Eg vil søkje om plass på sirkuslinja

Linkar til tidlegare elevar
Illusjonist Ruben Gazki Linedanser Christer Pettersen Luftakrobat Veronica Ljosnes

luftakrobatikk

luftakrobatikk

sirkus09

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen

sjonglering

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen

sjonglering