Kart over Fjordane

 

Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Klikk på nåla i kartet over for å opne i Google Maps.

Klikk på biletet for å opne kart over Nordfjordeid i pdf.

Klikk på biletet for å opne kart over Nordfjordeid i pdf.

Reisa til Fjordane

Du kan kome deg til Nordfjordeid både med buss, bil, båt og fly.

Buss

Det aller enklaste er å ta bussen. Det går direkteruter både frå Oslo og Bergen, og det er mogleg å reise frå Trondheim via Ålesund. Bussreisa frå Oslo tar 9,5 timar og frå Bergen ca 6 timar. Frå Trondheim, via Ålesund må ein reikne 9,5 timar reise.

Planlegg gjerne reisa di med:

Fly

Dei næraste flyplassane heiter Sandane lufthamn og Ørsta/Volda lufthamn, og det er Widerøe som flyr til og frå. Sandane lufthamn ligg 40 minutt frå skulen, inkludert ein fergetur. Det er mogleg å bestille flytaxi. Frå Ørsta/Volda lufthamn tar det i overkant av ein time med bil. Du kan ta rutebuss rett ved flyplassen.

Det er også mogleg å fly til Ålesund lufthamn Vigra, men då blir reisevegen mellom skulen og flyplassen ganske lang, ca 3 timar med bil. Det går flybuss frå Vigra til Moa, og deretter rutebuss frå Moa til Nordfjordeid.

Planlegg gjerne reisa di med:

Båt

Frå Bergen kan du også ta hurtigbåten til Måløy. Det går rutebuss frå Måløy til Nordfjordeid.

Planlegg gjerne reisa di med:

Bil

Det er gode vegar i alle retningar, men hugs at på vestlandet er det ofte ferger, tunellar og fjellovergangar. Om du køyrer bil, oppmodar vi alltid om å samkøyre med andre elevar. Sosialt og miljøvenleg!

Ferge

Vestlandet har mange fjordkryssingar. Dei som ligg nærast skulen er:

Avstandar til/frå Nordfjordeid 

  • 4 mil til Volda

  • 5 mil til Stryn

  • 6 mil til Måløy

  • 8 mil til Hoddevik  

  • 10 mil til Førde

  • 11 mil til Ålesund

  • 30 mil til Bergen

  • 40 mil til Trondheim

  • 45 mil til Oslo

  • Noregskart

NB! Skulevegen er einvegskøyrd frå vest til aust. Følg den blå linja når du skal køyre til skulen.

NB! Skulevegen er einvegskøyrd frå vest til aust. Følg den blå linja når du skal køyre til skulen.