Felles- og valfag

Lokale turar

Vikingliv2016 - Rotur med sirkus 360 72d.pngVi legg opp til ein del fritidsaktivitetar i fellesskap. Vi bruker aktivt nærmiljøet til dagsturar, overnattingsturar (valfritt ute eller inne) og besøk til kjende reisemål som t.d. Briksdalsbreen, Geirangerfjorden og Selje kloster. På våren skal heile skulen til ei av Norges skjulte perler: Hoddevika. Her får vi surfe på ein av dei 10 beste surfestadene i verda , nyte vakker natur, få yogatimar og / eller treningstimar. Dette må opplevast!

Fellesfag 

Fast på timeplanen er infotime og fysisk aktivitet. Ellers kan det vere prosjekt, temadagar, aktivitetsdagar og seminar med gjesteforelesarar. Vi ønsker at du skal få oppleve forskjellige ting i løpet av året på Fjordane

Elevkveldar

Ein kveld i månaden arrangerer elevane elevkveld der dei sjølve er ansvarlege for god mat og underhaldning. Ofte vel ein eit tema for kvelden.

Aulaen

aula.jpgEr vårt store fellesrom med storscene.  Her samles vi når ein har ting lineene har laga som ein vil vise kvarandre.  Det kan være for eksempel: Sirkusforestillingar, teater, felles-quiz, filmer fra turer eller ein har laga sin eigen tvserie.

Peisestova

Peis, stort bibliotek, fjernsyn, billiard og ein rekke brett-, kort- og puslespell finn du her.  Elevane samlas til hygge.


Kinorom

Ein mørk sal med god lyd og projektor til filmar og tv-spel.  Plass til meir enn trevde personar i amfiet. 

 

Styrkerom

Rommet har det meste en kan tenke seg om en vil bli sterk.  Maskinene er profesjonelle og gode.

Sy- og skinnrom

Rommet blir og brukt av dei fleste klassene når dei treng det.  Utstyrt med symaskiner og klippebord.  Gode arbeidsstoler fin du og fleire av.

Musikkrom

Piano, gitar, bass, fult trommesett og eit lydanlegg med mikrofonar.   Dette utstyret blir brukt i valfag, men kan og brukast etter avtale.

Fagrom

Linjene har eigne fagrom.  Desse er ikkje avlåst etter skuletid, men blir brukt flittig av elevar som har eigne prosjekt eller vil bli ferdig med noko dei ikkje rakk i undervisninga.  Stallene, glassverkstad, keramikk, foto og sløyd m.m.

Elevkjøkken

Om ein vil lage seg litt meir avansert mat enn hybelovnen tillfater kan du etter avtale låne elevkjøkkenet.  Der finn du eit bra utstyrt kjøkken.

Stipendiat

Kvart år er det nokre fjordårs-elevar som blir stipendiat.  Det er elevar som arbeider tett sammen med lærarane som er på tilsyn for å sørge for at tiden etter undervisningstid blir ein god sosialarena for alle. Ein stipendiat er viktig for felleskapet og setter tonen for mykje av det som skjer utover kveldane.  

Felles skuletur

Nytt av året er ein felles skuletur til eit reisemål utanfor Europa. Denne turen er framleis under planlegging. Utgiftene til turen er ikkje med i skulepengane, og er difor frivillig om du vil vere med på. Mulege reisemål vil vere Sri Lanka eller Costa Rica. Turen vil gje deg eit innblikk i lokal kultur og historie, fellesopplevingar og samhold.

 

Linjeturar

Linjetur er ein viktig og populær del av skuleåret. Hos oss legg vi opp til turar på kvar linje.  Desse turane skal gje deg inspirasjon /motivasjon/fagleg påfyll og opplevingar knytt opp mot det som interesserer deg mest.

Sirkuslinja 

Som ein ekstra godbit tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet som f.eks. DOCH, www.uniarts.se (Sverige), Chapitô (Portugal) og Circus University Codarts Circus Arts, http://www.codarts.nl/circus/.
Dei siste åra har sirkuslinja vore på besøk hos Circus Cirkør i Stockholm. Her har ein fått trene med svenske sirkuspedagogar og opplevd kva byen Stockholm har å by på. I år går turen til Rotterdam i Nederland. Turen er inkludert i linjekostnadane.

Hest Allround og Hest, Ride- og Køyresport

Elevane valget mellom å dra til Herning i Danmark eller til Lisboa i Portugal der du kan ri på godt skulerte lusitanohestar. I Danmark besøker vi Hingstekåringen for Dansk Varmblods, eit storslått arrangement med hest 5 dagar til ende. Messa har ca 55.000 besøkande kvart år, og ein får i tillegg til sjølve kåringa oppleve dressur- og sprangklasser på elitenivå, gallashow og uendelege shoppingmuligheter. Innlagt i turen er også besøk på stutteri eller hestesenter, og vi bur trivelig på vandrarheim i Silkeborg, der kveldane går med til sosiale aktivitetar, kos og moro. Turane er ikkje inkludert i linjekostnadane.

Kunstinja

Har brukt å reise til perlen Malaga i Spania. I månedsskiftet mars/april reiser klassen på linjetur. Turen har dei siste åra gått til Spania, nærare bestemt Andalucia. Området Andalucia har ein rik kulturarv, der det nordafrikanske og europeiske er blanda saman på eit unikt vis. Vi prøver å sjå/oppleve delar av dette i vid forstand og «up close». Fin kust, arkitektur, dans, mat og folkeliv. Ein dag på stranda blir det også tid til.Vi er innom byane Granada, Madrid og Sevilla. Vi besøker populære reisemål som t.d. La Alhambra. Turen er inkludert i linjekostnadane

Dersom det er stemning for å oppleve ein europeisk storby legg vi opp til ein ekstra linjetur om hausten. Denne er frivillig og er ikkje inkludert i skulepengane. Vil du ikkje vere med får du eige undervisningsopplegg på skulen.

Vikingliv

Det store toktent går til Island, men det blir nokre turar på vestlandet og litt rundt Oslo med.
Før flyet tek oss til Island vil vi bruke tid på å få med oss mellom anna Vikngsskipmuseet.

Vestlandet og Island har mykje til felles. Trangen til frihet og lynnet vårt. Sagaane og historia som vi deler. Museum, historiske stader, besøk på Alltinget, sjå naturen, lære meir om runer og norrønt talemål. Sjå det Snorre sjølv såg. Møte folk som studerer historie og språk på Island.

Dei modigaste får prøve seg på å ri og på glima-bryting, Islands tradisjonelle nasjonalsport. Men alle får prøve å bade i varmekjelder og sjå landskapet, med isbre, der deler av Game of Thrones er spela inn. Ein vil merke at ein er i eit land der lava og is har forma naturen. Tid til å bli litt kjend med folket og Reykjavik står også på timeplanen. Turen er inkludert i linjekostnadane.

Livsstilsendring

Turen for denne linja er ikkje bestemt enno. Her kan elevane velge å bli med på ein av dei andre linjeturane eller vi reiser til ein flott stad i Europa som blir bestemt ilag med elevane på linja. Turen er ikkje inkludert i linjekostnadane.

 

Valfag

Du kan velge mellom ca 15 til 20 ulike valfag. Desse kan vere litt forskjellege frå år til år. Men dei siste åra har vi hatt valfag i svømming, klaring, foto, gitar, dans, hest, voltige, strikking, sirkus, kunst, årbok, salmaker, fysisk aktivitet, stretsjing osv.

 
Opplev Nordfjord Sirkus i Sverige Danmark er populært Spania i vårsol og varme fellesdans.jpg innsamling.jpg IMG_5327.jpg