Jul i Stallen

Ein julemarknad litt utanom det vanlege

Fakler 2017.jpgI 2013 fann vi på Fjordane Folkehøgskule ut at vi hadde lyst til å lage eit felles prosjekt for alle elevane på skulen, der vi samarbeida på tvers av dei ulike linjene. Vi hadde lyst å gje noko tilbake til både lokalsamfunnet sidan folkehøgskulen er ein viktig del av Nordfjord, både som arbeidsplass og ved at skulen tilfører bygda rundt 80 nye ungdomar frå heile landet i ni månader. Vi meinte at det var viktig at dei som bur rundt oss fekk eit innblikk i det vi dreiv med, og at vi kunne gje dei nokre kjekke opplevingar i tillegg. Ein av dei andre hovudgrunnane til at vi ville sette i gang dette, var at vi hadde eit ønskje om å kunne at gjere ein ekstra innsats for organisasjonar som driv med viktig samfunnsnyttig arbeid. Formålet var altså å sette fokus på nokre grunnleggande verdiar, der det å jobbe saman for å gjere noko for andre var det som sto øvst på lista, noko som jula eigentleg bør handle om. Vi sette i gang eit storstilt prosjekt med å produsere ulike handlaga produkt, øve inn show og pynte stallen til jul. Jul i Stallen var eit faktum og vart ein stor suksess.

No arrangerer vi Jul i Stallen årleg, og kvart år gler vi oss til å gje store og små gode opplevingar i lag med hestane på Norsk Fjordhestsenter.  Det er først og fremst dette julemarknaden vår handlar om, opplevingar og den unike stemninga det blir med kombinasjonen jul og dyr. Dette er ikkje ein marknad som folkehøgskulen tenar pengar på. Halvparten av overskotet går kvart år til ein organisasjon som elevane har valt ut. Resten av overskotet går tilbake til elevane, der dei er med på å bestemme kva dei skal få bruke pengane på. Ei takk for hjelpa til dei, sidan dei er dei viktigaste aktørane for at vi skal få gjennomført eit så stort arrangement som Jul i Stallen er. Det er mange spanande ting som går føre seg parallelt; barneriding, stell av hest, vikingleir med leikar og andre vikingaktivitetar, eventyrstund, marknad med sal av handlaga produkt, køyring med hest og vogn, smådyrhjørne og kiosk. I tillegg vil det vere to framsyningar med hest-, sirkus-, og vikingshow begge dagane.