Informasjon

Fellesfag

Fantastiske sandstrender
Opplev Nordfjord!

          Danmark er populært

 


           Spania i vårsol og varme

 

             Sirkus i Sverige

Fellesfaga ved skulen inneheld litt forskjellig. Fast på timeplanen er infotime og fysisk aktivitet. Elles kan det vere prosjekt, temadagar, aktivitetsdagar og seminar med gjesteforelesarar. Vi ønskjer at du skal få oppleve forskjellige ting i løpet av året på Fjordane.

 

Lokale turar
Vi legg også opp til ein del fritidsaktivitetar i fellesskap. Vi brukar aktivt nærmiljøet til dagsturar, overnattingsturar (valfritt ute eller inne) og besøk til kjende reisemål som t.d. Briksdalsbreen, Geirangerfjorden og Selje kloster.

 

Elevkveldar
Ein kveld i månaden arrangerer elevane elevkveld der dei sjølve er ansvarleg for god mat og underhaldning. Ofte vel ein eit tema for kvelden.

 

Skuleturar

Skuletur er ein viktig og populær del av skuleåret. Hos oss legg vi opp til turar på kvar linje. Vi prøver å gjere turane så billeg som mogeleg så overnattingar blir ikkje på 4* hotell, men stort sett på Vandrerheim eller Hostell.

 

Sirkuslinja har dei siste åra besøkt Circus Cirkør i Stockholm. Her har ein fått trene med svenske sirkuspedagogar og opplevd kva byen Stockholm har å by på. Alternativt kan sirkusturen gå til eit anna europeisk land etter nærmare avtale med sirkuselevane.

 

På Hestelinjene har elevane valget mellom å dra til Herning i Danmark eller til Andalucia i Spania. I Danmark besøker vi Hingstekåringen for Dansk Varmblods, et storslått arrangement med hest 5 dagar til ende. Messa har ca 55.000 besøkande kvart år , og ein får i tillegg til sjølve kåringa oppleve dressur- og sprangklassar på elitenivå, gallashow og uendelege shoppingmulighetar. Innlagt i turen er også besøk på stutteri eller hestesenter, og vi bur trivelig på vandrarheim i Silkeborg, der kveldane går med til sosiale aktivitetar, kos og moro.

 

Tur til Spania og Marokko er i første rekke lagt til rette for kunstelevane, men også andre elevar kan velge dette reisemålet. Spaniaturen går til Andalucia i Sør-Spania og vi er innom byane Granada, Madrid og Sevilla. Vi besøker populære reisemål som t.d. La Alhambra og event. besøk på Den Spanske Rideskolen i Jerez. Nytt av året er at vi også reiser over til Marokko og har ei overnatting der.

Fantastiske sandstrender

Fantastiske sandstrender

Fantastiske sandstrender

Fantastiske sandstrender