Fjordane Folkehøgskule er kjent for sitt gode hestemiljø og er plassen for deg som er ”hekta” på hest eller bare vil bruke eit år på å lære om hest. Vi har plass til alle typar elevar. Nærmare 1000 har gått på førsteårslinja vår sidan oppstarten i 1987, og vi har etter kvart fått lang og god erfaring med hesteglade ungdomar. Variasjon og kvalitet er stikkord for hestelinja.
Skulehestane våre er fjordingar alle saman. Nokon tenkjer kanskje ”berre fjordingar?”, men desse hestane er ikkje noko berre. Vi har 11 herlige hestar som vi er veldig stolte av, og som vi har lyst til å presentere litt nærmare her. Dei er ein samansett gjeng av små, store, livlige og litt roligare hestar. Vi har hestar som passar dei aller fleste nivå, enten du vil ha ei utfordring, eller du vil ha ein læremeister som meir enn gjerne delar all sin kunnskap med deg. Felles for alle er at dei er godt utdanna, og dei er klar til å gjere ein innsats for at du skal få eit fantastisk år her på Fjordane.
Tida går mot skuleslutt, og eg kvir meg til den dagen eg må ta avskjed med vennene mine, hestane, senteret, skulen, lærarane og Eid. Då eg kom her i august, kunne eg "ingenting". Eg hadde ikkje med meg eigen hest så eg skulle ri skulehest. Skulehest fekk eg – ein kjempeflink ein, søte lille Monifax...