Informasjon

1. års Hest

Best på hest!
hestelinje
Erfaren eller nybegynner -
vi har plass til alle
nfhs
Gode lokale på Hestsenteret.
 
Mykje flott vestnorsk natur!
Flott vestnorsk natur!
voltige
Voltige som valfag.
Fjordane Folkehøgskole er kjent for sitt gode hestemiljø og er plassen for deg som er ”hekta” på hest eller bare vil bruke eit år på å lære om hest. "Hestefolkehøgskolen" er også brukt om oss. Vi har plass til alle typar elevar. Nærmare 1000 har gått på førsteårslinja vår sidan oppstarten, og vi har etter kvart fått lang og god erfaring med hesteglade ungdomar. Vi var ein av dei første med å tilby hestefag, og har i dag kanskje den mest omfattande linja som finst på folkehøgskular. Ved fullført 1. og 2.år Hest på Fjordane kan det vere mulig, dersom du planlegg å ta fagbrev i Hestefag, å få redusert læretida med 1 år (1760 timar).
 

Allsidig undervisning av erfarne og kompetente lærarar
Vi stiller med 6 dyktige og allsidige hestelærarar tilsatt på fulltid. Desse har høg kompetanse og erfaring i å undervise i hest i ulike disiplinar og fleire er aktive enten som utøvarar eller som oppdrettarar av hest, fleire med premieringar. Om du er nybegynner eller vidarekommen, vil du få eit undervisningsopplegg som er tilpassa ditt nivå.

Svært gode lokalitetar
Storparten av undervisninga går føre seg på Norsk Fjordhestsenter (sjå kart). Du spasserer fra skulen til senteret på 7 minutt eller syklar på 3 min, og du slepp å vere avhengig av å bli frakta i bil dersom du vil vere i stallen. I dag består senteret av 2 ridehallar à 20 x 40 m, flombelyst ride- og køyrebane på 40 x 80 m og omlag 50 stallplassar. Dei fleste hesteelevane oppstallar privathestane sine her. Senteret har plass til ca 50 hestar. I tillegg fins det treningsbane for trav 3 min fra skulen.

Ta med eigen hest dersom du vil
Her er fleire oppstallingsalternativ på Nordfjordeid som alle ligg i gang-/sykkelavstand til skulen. Så du kan gjerne ta med din eigen hest som du også kan bruke i undervisning, etter avtale med lærar. Kostnad til oppstalling kjem i tillegg til skulepengar. Har du ikkje med hest, vil du få din ”eigen” passhest som vil vere ”kompisen” din gjennom året. Skulen har 13 skolerte hestar som vi brukar i undervisning.  

 

Det er eit aktivt hestemiljø på Nordfjordeid og det blir arrangert ein del kurs som du vil få tilbod om å vere med på for eks. "grønt kort".

 

Skuletur

Valgfri tur mellom Hingsteutstilling i Danmark eller Andalucia i Spania. Meir om dette finn du under fellesfag.


Spørsmål om hestelinja?

Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Ønskjer du å søkje?

Eg ønskjer å søkje om plass på 1.års Hest.

hestelinje

hestelinje

nfhs

hestelinje

nfhs

Mykje flott vestnorsk natur!

hestelinje

nfhs

Mykje flott vestnorsk natur!

voltige