|
Tante Borghild - prinsessa Født: 1997, 2. premiert hoppe
Tante Borghild har konvertert frå køyrehest til stallens nye dressurstjerne. I skuleåret 08-09 debuterte ho LA med svært godt resultat, og ho har blitt ein favoritt for mange på dressurtimane. Ho har lagt bak seg mange gode prestasjonar som køyrehest også. Ho har vore suveren både i dressurkøyring, presisjon og maraton. |
|
|
Elvira - den allsidige. Født 1998, 2. premiert hoppe
Elvira er ei vakker 2. premiert hoppe. Ho er vel den mest allsidige hesten vi har. Ho er fornøgd enten ho går dressur, sprang, køyring eller voltige. Som hopper flest har ho ofte sine eigne meiningar om korleis ting skal gjerast, men ein kjem som regel alltid til einigheit når ein berre fortel ho kva som er best. |
|
|
Aarnes Fjellprins - kometen. Født 2003, Vallak
Fjeldprins kom til stallen sommaren 2009, og han viste seg å vere eit skikkeleg stjerneskot! Han er ein super allround hest som er kjekk å køyre, ri dressur på og ikkje minst hoppe med. Fjeldprins er ung og har framleis mykje han skal lære, men han har allereie deltatt på fleire skulestemne med gode resultat. |
|
|
Fjølner "Fjonar/Fjomar" - pysa. Født 2002, Vallak
Fjonar er den andre nykomaren av skulehestane. Han har hatt ei formidabel utvikling sidan han kom hit i 2009, og er ein artig hest enten du skal ri dressur, sprang eller køyre. I løpet av sitt første år som skulehest har han rukke å debutere i LB med godt resultat, og han har vist stor framgang på sprangtimane. |
|
|
Grjotin - den søte Født 1991, Vallak
Grjotin er kosebamsen og ein av dei snillaste hestane ein kan tenke seg. Han er alltid rolig og avbalansert, og har lært opp mange ryttarar i karrieren si. Grjotin er først og fremst dressurhest sidan han har utvikla ein høgdeskrekk dei siste åra. Han har derfor fått fritak frå store og luftige sprang i undervisninga, men til gjengjeld gjer han ein fortreffelig innsats elles. |
|
|
Gråa - arbeidsjernet. Født 1992, Hoppe
Gråa er eit arbeidsjern utan samanlikning. Ho har alltid mykje framdrift og pågangsmot i både dressur og sprang. Ho hoppar som ei kule, og gjev alltid ryttaren sin ei god oppleving på sprangtimane. Gråa plukkar stort sett med seg ei sløyfe eller to når ho deltek på stevner. Ho går øvelsar til LA dressur. I tillegg til at Gråa er kjekk i bruk, er ho en veldig trivelig hest å ha med å gjere elles. |
|
|
Monifax - læremesteren. Født 1995, Vallak kåra i 1998
Monifax er ein særdeles god og allsidig lærehest. Han har hevda seg i konkurransar heilt opp på landsnivå med elevar frå Fjordane. Han har bronse frå NM køyring, og konkurrerer opptil middels klasser i dressur, 1 meter sprang og middels køyring. Monifax er ein livlig hest med glimt i auge som gjev ryttaren sin mykje glede. Monifax tok sølv for senior samanlagt og Greinmeisterskapen i dressur under NM for fjordhest i 2009 saman med Beate Hausken, elev ved Fjordane Folkehøgskule. |
|
|
Nina - den pliktoppfyllande. Født 2000, Hoppe
Nina er den ultimate lærehest. Ho held høgt nivå både i dressur, køyring og sprang. Ho er ei stjerne på sprangtimane, og hoppar meir enn gjerne det som blir sett opp. Ho er også øvelsessterk og arbeidsvillig i dressuren, og som køyrehest er ho heilt unik! Nina er ein hest som alle blir glade i og set pris på. |
|
|
Seirar - bølla. Født 1997, Vallak
Seirar er ein fjordhest utanom det vanlege. Han har store og ledige rørsler både i trav og galopp, noko som krev litt av ryttaren. Men når du finn knappane på Seirar får du også mange flotte opplevingar tilbake. Han har mykje å by på for ein erfaren ryttar både i dressur og sprang. Seirar kan også vere ei lita bølle som likar å finne på nokon sprell i ny og ne, noko som er med på å krydre kvardagen. |
|
|
Siggen - den kule. Født 1996, Vallak kåra i 1999
Siggen er spilloppmakaren i stallen. Han syns at livet er ein leik og står for action og moro på ridetimane. I tillegg er han ein veldig spennande hest å ri og køyre. Han har konkurrert mykje i både dressur, sprang og køyring. Han har stor kapasitet i sprang, og stoppar sjeldan uansett kva ein set fram for han. Han går øvelsar til LA i dressur og middels klasser i køyring. Siggen var kåra som tre år gammal hingst, men vart kastrert som femåring. |
|
|
Timmy - den tøffe. Født 1996, Vallak
Timmy er tøffingen i flokken. Det meiner han i alle fall sjølv. Men under den tøffe overflata finn du ein herlig hest som gjer det meste for deg. Han er ein super spranghest, og er stort sett alltid klar for ei utfordring på sprangtimane. Timmy er også ein spennande hest å ri dressur på. Han har ingen problem med å gjennomføre dei øvingane han blir sett til å gjere. |
|
| Fleire bilde av skulehestane finn du på Facebook |