Informasjon

2. års Hest

Folkehøgskule+hest

ridetur

Flott natur!

I fin stil!

Full fart!

Både kvite og brune hestar.
 

Drømmer du om ein jobb med hest eller vil du utvikle deg vidare innanfor hestesporten? Andreårslinja vår er tilpassa deg som vil meir! Føresetnad for opptak er at du har gjennomført førstårslinja hos oss, eller at du har tilsvarande allsidig bakgrunn fra andre folkehøgskular. Plassen er avgrensa til femten elevar og du ma ha med din eigen hest slik at du skal få maksimalt utbytte av skuleåret. Hesten din skal oppstallast på Norsk Fjordhestenter, som ligg ein liten spassertur fra skulen. Undervisninga går hovudsakleg føre seg der.

 

Hovudvekt på konkurranse

Målet med andreårslinja er å vidareutvikle kunnskapane om almenn bruk og stell av hest. Du lærer å trene målretta mot konkurranse i dressur, sprang og køyring. Vi oppnår det ved å følgje opp elevane kvar dag i riding og to gongar i veka i køyring. Du vil òg få vidareutvikle praktiske og teoretiske hestekunnskapar som til dømes innriding og innkøyring av unghest, treningslære og kondisjonstrening.

 

Undervisning på høgt nivå

4 dagar i veka har vi dressurriding. Her jobber vi mykje med hest og ryttar for å oppnå maksimal framgang. Vi er opptatt av at hesten jobbar i riktig form og er rett i kroppen, og at ryttaren sit korrekt på hesten. Dette går som ein rød tråd gjennom alle ridetimane. I tillegg går vi igjennom

øvelsar opp til middels B.

 

Sprangundervisninga er delt opp etter nivå slik at vi kan hjelpe hest og ryttar best mulig vidare i utdanninga si. Det vil seie at dersom du har med deg ein unghest, vil du og hesten din få utfordringar i undervisninga tilpassa utdanningsnivået de har. Men dersom du er konkurranseryttar, vil du og hesten din få mykje meir banetrening og  styrketrening.

 

I køyreundervisninga får du opplæring i dressur, presisjon og maratonkøyring og målet er gjennomføring av ei full køyrekonkurranse i løpet av skuleåret. Dersom køyresport er noko du brenn for, er det mulig å få ekstra undervisning i dette.

 

Prosjekthest er noko som du og ein medelev har ansvar for. Det kan for eksempel vere ein 3-år gammel ridehest som skal ridast inn eller ein 3-år gammel fjordhesthoppe som skal køyrast inn. Her får de ei nøye innføring i handtering av unghestar/omskuleringshestar. Du lærer å tenke gjennom handlingane og valga ein tek, og konsekvensane av dårlig handtering av unghest.

 

For å styrke all praktisk undervisning er teori ein viktig del av timeplana. Her finn vi for eksempel praktisk hestestell slik som fletting, dømming i sprang og dressur, hest og helse, eigatrening/disiplin.

I tillegg skal elevane på andreårslinja arrangere 3 stevne i løpet av skuleåret og bruk av dataprogrammmet Horsepro er ein del av dette. Ønskjer du å prøve deg som ridelærar eller ønskjer du å sko din eigen hest er det mulig å få innføring i dette også. Elevane har muligheit for å kome med innspel til innhald.

 

Planlegg du å ta fagbrev i hestefag, kan det vere mulig å få redusert læretida med 1 år (1760t) dersom du har fullført 1. og 2.år Hest på Fjordane.

 

Spørsmål om hestelinjene?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

 

 

Ønskjer du å søkje om plass?
Eg ønskjer å søkje om plass på 2. års Hest.

ridetur

ridetur

ridetur

ridetur