Kunst er så mangt. Kunst tek mange former, oppstår i mange ulike samanhengar og sprenger ofte grenser. Nokon brukar kunst for å nå ut til eit publikum, andre gjer det berre for sin eigen del. Vi tilbyr eit skuleår med multikunst der du utviklar dei kunstneriske evnene dine på område som glass, tegning, maling, keramikk og foto.
Nyttig
Det du går igjennom i løpet av året er nyttig sjølv om du ikkje har planer om å gjere det til eit yrke. Du lærer å arbeide sjølvstendig, noko du har bruk for ved seinare yrkesvalg. Du lærer å gjennomføre ideane dine fordi du føler at det er viktig for deg.
Glass - det nye kunstmaterialet
Hos oss møter mange elevar for første gang det spennande materialet glass. Via design, farging og smelting i omn vil du etter kvart kunne skape det finaste glassfatet eller figuren du berre har sett profesjonelle glasskunstnarar har laga. Mange elevar blir "hekta" på glass i løpet av året.
Mange ulike emne
I alle emna får studentane innføring i basisteknikkar – sjølve hemmeligheten bak eit godt produkt. Etter kvart skal du designe dine eigne, proffe og unike kunstverk. Du får bruke mykje tid på glassfusing, glasslumping, forme keramikk og jobbe tegning og maling under kontinuerleg oppfølgjing og rettleiing av erfaren lærar som sjølv også er aktiv kunstnar.
Foto
Innføring av foto som deltema på linja har vist seg å vere eit blinkskudd. Mange har det som hobby og her vil du få innføring i basiskunnskapar, mørkeromsarbeid, komposisjon og digital bildebehandling.
Sjansen er stor for at du finn ditt eige unike kunstuttrykk i løpet av tida du er hos oss.
Gode lokalitetar
Kunstlinja disponerer ca 300m2 store og gode lokale for undervisning i kunstformene bilete, keramikk og kunstglassarbeid. Vi har grafikkpresse, fotorom, keramikkovn og to glassovnar.
Studietur
Mål for utanlandstur har dei siste åra vore til Spania og Marokko i "sol og varme" i begynnelsen av mars.

kunst3

kunst3

kunst

kunst3

kunst

glasskeramikknov

kunst3

kunst

glasskeramikknov

kunst3

kunst

glasskeramikknov