Linjetur Kunstlinja

Linjetur for Kunst Foto Glass ved Fjordane FHS.

AA Spania 17 01.jpgUtanlandsturen vår er lagt til vårsemesteret, og har dei siste åra gått til det sørlege Spania, nærare bestemt til Andalucia.

Her møter du eit rikt kulturliv i ein delstat prega av gamalt og nytt, både nord-afrikansk og europeisk.

På nært hald får du oppleve kunst, gamal og ny arkitektur, yrande folkeliv og mattradisjonar.

AA Spania 17 02.jpgSidan vi er i «syden» vert det sjølvsagt tid til litt strandliv. Byane og stadane vi besøker kan variere frå år til år, men Malaga er inn- og utreiseby.

Turen er inkludert i linjekostnadane.

Innkvarteringa er på hostel av nøktern standard, stort sett i 2-4 manns rom med eige bad og toalett.

På nært hald skal vi saman oppleve gamal og ny kunst, blant anna i Samtidskunstmuséet og Picassomuséet i Malaga, og kirkekunst i dei gamle katedralane.

Vi skal sjå Kristoffer Columbus si grav i Sevilla, oppleve yrande folkeliv i trange gater og på breie avenyar, smake på grilla blekksprut og muslingar kokt i kvitløk og vin på tradisjonell tapasrestaurant, og ete churros og drikke varm sjokolade til frukost.

Vi skal óg mingle med dei lokale på matmarknaden, og kanskje smake på noko du ikkje heilt veit kva er.

AA Spania 17 03.jpg

Vi skal vandre rundt i ein maurisk festning og speide utover Middelhavet, sykle langs strandpromenaden mens vinden bles deg mjukt og varmt i ansiktet, plukke ei appelsin rett frå treet, besøke kalifens harem i Alhambra, og nyte utsikta til snødekte fjell i Sierra Nevada, samt vandre opp på klippene i Gibraltar og sjå over til Afrika.

Andalucia er Flamencoens fødestad, så her får du ein presentasjon av denne berømte dansen, akkompagnert av gitar og song.