Sirkus, Nysirkus

 

Mange trur at sirkus berre er for dei spesielt interesserte, men det er óg like aktuelt for deg som f.eks. likar parcour, crossfit, stuping, styrketrening, turn eller dans. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fasinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane.

Kombinasjonen av å kjenne velværet med å vere i god fysisk form, oppdage at ein får kroppskontroll og det å lære å meistre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet (school for life). Sirkuslinja på Fjordane er den einaste skulen i Norge der ein kan drive med sirkus på heiltid eit heilt skuleår - utan eksamen!

 

Forventningar
Vi stiller ikkje krav til forkunnskap eller tidlegare erfaring med sirkusdisiplinar, men vi forventar at du er motivert for å lære nye ting og å trene. Du bør vere over 18 år og du vil få undervisning i sirkusfag 3-4 timar kvar dag i veka. Treningslokala er opne heile dagen slik at du kan øve og trene meir på ettermiddagane/kveldane.

Nysirkuslinje
På linja vil du få undervisning i disiplinar som:

  • Golvakrobatikk (inkl. parcour, turn og tricking)
  • Parakro og Pyramider (Hand-to-hand, statisk og dynamisk)
  • Luftakrobatikk (Trapeze, Aerial Tissue, Aerial Rope, Chinese Pole, Aerial Straps)
  • Styrke og rørsletrening
  • Sjonglering (Ballar og sprettballar, kjegler og partnersjonglering, diabolo)
  • Trampoline og trampett (Mini-tramp)
  • Teater/Drama, klovn og scenearbeid
  • Balanse (Tight-wire, Etthjulssykkel, Cyr-Wheel, Rola-bola, Handståande)

I kortare periodar kan det bli undervist i andre disiplinar avhenig av gjestelærarar og ønsker frå elevane. Undervisninga blir lagt til rette for alle nivå - også for deg som er fersk på området!

 

Sirkusshow
Linja har eige treningsrom og tilgang til stor og flott scene i skulen sin Aula. Denne brukar vi med fullrigg av lys og lyd som framføringsarena for dei showa sirkuselevane produserer og viser for skular, barnhagar og andre i nærområdet.

 

Gjestelærarar
For å få ekstra inspirasjon og variasjon, blir det kvart år henta inn gjestelærarar, både frå Norge og utlandet, som underviser i sitt spesialfag.

 

Utanlandstur

 

Kvart år tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskule i utlandet som f.eks. DOCH(Sverige), Chapitô (Portugal) eller Circus University Codarts Circus Arts i Nederland.

 

Surfetur til Hoddevik

Som ein ny tradisjon på sirkuslinja, reiser klassa på surfetur til Hoddevik, eit surfeparadis som ligg ein times køyretur frå Nordfjordeid. Det blir ein tredagerstur om hausten, og ein om våren med heile skulen.

Ein får ikkje berre prøvd seg i vatnet blant vakker natur og fine bølger, men klassa får også yogatimar og turnundervisning med erfarne instruktørar i Ervika..

Springbrett til vidare studier i utlandet

Linja har etter kvart óg blitt ei unik og populær linje for dei som er bitt av sirkusbasillen. Kvart år er det nokre elevar som brukar året på Fjordane som springbrett til vidare studier i utlandet og ein karriere som profesjonell internasjonal sirkusartist.

Ta sjansen!
Tør du å ta sjansen på å utfordre deg sjølv i å prøve ut og lære nye ferdigheter? Likar du å bruke kroppen din og samtidig presse deg sjølv litt ut i det ukjente? Søk på nysirkuslinja!

 

Spørsmål om Sirkuslinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søke om plass?
Eg vil søke om plass på Sirkuslinja

Linkar til nokre få, av mange, tidlegare elevar som jobbar med sirkus:

Linedanser Christer Pettersen

Mistermathias

Julie Grønnesby Heir

Magnus Bjoru

Illusjonist Ruben Gazki