Sirkus - ikkje bare for spesielt interesserte!
Mange trur at sirkus er bare for dei spesielt interesserte. Vår erfaring er at elevar som ikkje har drive med dette før, blir like fasinerte og "hekta" som dei som er meir erfarne før dei kjem til Fjordane. Kombinasjonene av å kjenne velværet med å vere i god fysisk form, oppdage at ein får kroppskontroll og det å lære å mestre ulike sirkusdisiplinar, blir ein stor inspirasjon som ein tek med seg vidare i livet. Sirkuslinja på Fjordane er ein av dei få stadane i Norge der ein kan drive med sirkus eit heilt skuleår - utan eksamen!
Annleis og inspirerande.
Dette er eit skuleår som passar like godt for deg som vil ha eit annleis år utan vidare sirkusambisjonar, som for deg med ein liten sirkusartist i magen. Vi stiller ingen krav til forkunnskapar eller tidlegare erfaring med sirkusdisiplinar, men vi forventar at du er motivert for å lære nye ting og å trene. Du bør vere over 18 år og du vil få undervisning i sirkusfag 3-4 timar kvar dag i veka.
Nysirkuslinje
Sirkuslinja på Fjordane er ei nysirkuslinje. Her handlar det like mykje om streetdance og drama som det handlar om sjonglering, klovneri, luftakrobatikk, linedans og balansekunst. På linja vil ein også få innføring i golvakro, trapez/tøy/tissue, bevegelseslære og trening i å opptre på scene. I kortare periodar kan det bli undervist i andre emne som enhjulssykling, dans ol. Undervisninga blir lagt til rette for alle nivå - også for deg som er fersk på området!
Sirkusshow
Linja har eige treningsrom og tilgang til stor og flott scene i skulen sin Aula. Denne brukar vi med fullrigg av lys og lyd som framføringsarena for dei showa sirkuselevane produserer og viser for skular, barnhagar og andre i nærområdet.
Gjestelærarar
For å få ekstra inspirasjon og variasjon, blir det kvart år henta inn utanlandske gjestelærarar som underviser på sitt spesialfag.
Utanlandstur
Som ein ekstra godbit tilbyr skulen eit spennande studiebesøk ved ein sirkusskole i utlandet. Dei siste åra har det vore Cirkus Cirkør i Sverige.
Springbrett til vidare sirkusstudie i utlandet
Linja har etter kvart også blitt ei unik og populær linje for dei som er bitt av sirkusbasillen. Kvart år er det 1-2 elevar som brukar året på Fjordane som springbrett til vidare studie i Danmark, Nederland, Belgia eller Sverige. Men for dei fleste elevane blir sirkus ein spenstig hobby som dei tek med seg vidare.
Ta sjansen!
Tek du sjansen på å prøve sirkus eit år, er vi nesten sikre på at det vil du ikkje angre på - også du som er nybegynnar!

luftakrobatikk

luftakrobatikk

sirkus09

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen

luftakrobatikk

sirkus09

sirkusklassen