|
Venner for livet!
|
|
Fellesaktivitetar!!
|
"Mitt beste år"
Enten du vel hestelinja (1. eller 2 år), sirkuslinja eller kunst/foto/glass, ligg forholda til rette for at du kan oppleve eit år som gjev deg personleg vekst og utvikling. Mange tidlegare elevar kallar året på Fjordane for "mitt beste år".
Inkluderande
Vi er ein inkluderande skule der målet vårt er at det skal vere plass til alle uavhengig av fagleg nivå du er på. Om du er nybegynnar eller vidarekommen skal du få eit opplegg som er tilpassa ditt nivå. Dette gjeld også dersom du skulle ha behov for eit meir tilpassa opplegg.
Linjefaga utgjer ein stor del av undervisninga vår. 18 timar pr. veke er avsett til dette. I tillegg kan du velge mellom mange valfag.