Vikingliv

Vikingtida er fortsatt levande på Nordfjordeid. Det blir satsa mykje lokalt for å vise fram vikingane slik dei levde, tenkte og reiste. Vikingliv-linja er ein del av dette.

Fasinerer vikingtida deg?

Frå ca år 800 – 1100 var Vikingane folket som endra Europa meir enn nokon andre. Kortlista vår er varierande og spennande; og det er meir.

  • På linja Vikingliv har du sjansen til å lære om og praktisere vikinglivet
  • Reise til Island, og til dei største Vikingstadane på vestlandet; Møre, Gudvangen og Gulating
  • Bli med på å lage Vikingmarknad i løpet av berre nokre veker
  • God innføring i Blankvåpenkamp og islandsk glima
  • Heile klassen på tokt med skulens eigne vikingbåtar
  • Sjubøringen Arni i Gloppen samt Myklebustskipet på 30 meter som blir bygd ikkje langt frå skulen
  • Kunne slå leir; med telt, matlaging og lage deg ditt eige leirutstyr som skei, fat, stol og kiste
  • Det ein treng av kle for å kle seg opp som viking
  • Smie og grindbygg
  • Historie, tru, samfunn og tenkesett
  • Leikar, kamp, historiske spel og musikk

 

Kvardagane, reisene og festen. I vikinglivet skal du få prøve deg sjølv i rolla som handverkar. Mat, metall, tre, stoff, skinn, glas og leire skal formast av deg til ting ein viking ville ha brukt.
Linja satsar på at du får prøvd deg på mykje, og får ta nokre dykk inn i noko av det du finn mest interessant.

La oss vise deg litt av mangfaldet – og kvifor vi kallar linja for Vikingliv.

 

Tokt til Island, vest- og austlandet.
Før flyet tek oss til Island, vil vi bruke eit par dagar på å få med oss det beste austlandet og Oslo har å by på frå vikingtida.

Vestlandet og Island har mykje til felles, som trangen til frihet og lynnet vårt, sagaen og historia som vi deler, Vi skal på museum, sjå historiske stader, besøke Alltinget, sjå naturen, lære meir om runer og norrønt talemål og sjå det Snorre sjølv såg, samt møte folk som studer historie og språk på Island.

Dei modigaste får prøve seg på å ri, og på glima-bryting, Islands tradisjonelle nasjonalsport. Alle får prøve å bade i varmekjelder og å sjå landskapet, med isbreane, der deler av Game of Thrones er spelt inn. Ein vil merke at ein er i eit land der lava og is har forma naturen. Turen kjem like før vårløysinga på Island. Tid til å bli litt kjent med folket og Reykjavik blir det også.

Vikingane likte å fortelle, skape og pynte seg.
Enkle smykke av bein, horn og metall var slikt ein laga rundt bålet. Brodere motiv med dei same teknikkane som dei brukte, veve brikkeband og nålebinding vil ein del også få prøvd seg på.

Ikkje å forgløyme musikaren og skalden. Plassen og statusen dei hadde var ekstra viktig i ei tid der lite var nedskrive, men gjekk som ei historie frå generasjon til generasjon. Etter året vil du sitte igjen med å kunne mange av historiene dei fortalde, samt nokre av songane.

Blankvåpen og leikar.
Kurs i bruk av øks, skjold, sverd, kniv, bue og pil. Vi vil bruke treningsvåpen og lære grunnteknikkane slik at ein seinare kan slutte seg til ei av dei mange blankvåpengruppene ein har her i landet. For å bli med i ei slik gruppe treng ein å lage seg litt utstyr, som skjold, hanskar og armbeskyttarar.

Dei vaksne leika og borna tok etter dei vaksne. Det er mange leikar som er omsnakka i sagaane. Vi har historiske vikingleikar på timeplanen. Både fordi det er moro og sosialt, men også fordi leiken gjorde at ein blei betre med blankvåpen. Betre refleksar, konsentrasjon, kvikkare i skallen og sterkare.

 

Vikingmarknad og leir.
Tidleg i skuleåret er vi med på vikingmarknad. Skulen har fem store saxsertelt samt alt vi treng for å lage mat over bål. Vi må meistre kunsten å fyre opp eit bål til matlaging og til gropsteiking av lammelår, hauste frå naturen, og vere med når ein hjort eller sau skal slaktast.

Reiskapane ein brukte til dette bør ein også få laga seg.

 

Vikingkle og arbeid med skinn.

Vi kler oss ikkje ut som vikingar, vi kler oss opp som vikingar. Til det treng ein gode kle. Hette, lin og ullkle. Å få laga seg sett med kle krev tid, og arbeidet med dette vil gå parallelt med alt anna arbeid. Målet er å ha alt klart til sommarsesongen.

Eit belte, veske til belte, posar og lue i skinn får du lage. Det er viktig for oss at du sjølv lærer å tenke ut korleis det du lagar skal sjå ut, og lage di eiga løysing, men med respekt for det som er historisk sannsynleg.

 

Vikingskip, hest og bygge hus
Skulen har tilgang på fleire båtar. To mindre båtar, vikingskipet Arni med sju par årar i Gloppen, og når Sagastad sitt Myklebustskip på tretti meter, som er Noregs største, er ferdig bygd, kan vi bli med der som deler av mannskapet. Skipet blir bygd kun ti minutt å gå frå skulen.

Mykje av transporten på denne tida gjekk på sjøen, og vi legg opp til besøk hos lokale, erfarne vikingskipbyggarar i området. Bjørkedalen er kjend for sitt båtbyggarmiljø og sine mange vikingskip. Dei har bygd mange av dei mest kjende skipa her i landet. De vil få kunnskap om kva som krevst av eit godt mannskap, og kva ein god båt er.

Fjordane FHS har tilbod om rideundervisning som valfag. Hesterasen Fjording var den vikingane tok med seg til Island. Det er ei god kjensle å kunne ri fjordingen, stamfaren til islandshesten.

 

Vikingfrendar, besøk og samarbeid i regionen
Vikinglaga i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har vi god kontakt med. Enkeltmedlemmar i Møre Frie Vikingar, Njardar og Nordfjord vikinglag er innom oss for å halde kurs eller delta på kurs saman med oss. Turar til Møre og Gudvangen for å sjå på og bu i ekte vikinghus er noko å gle seg til.

Gulating og kjende vikingspel i regionen er det også naturleg ha kontakt med. På reisene våre kjem vi til minst tre av stavkyrkjene, og andre historiske stader vil vi óg besøke.

 

Alt det praktiske ein kan lage
Ein viktig del av dagleglivet var å ha nok mat, lær, trekar, leirekoppar og kle. Det blir eit eige prosjekt med leire i vikingtida, samt opplæring i bruk av kniv og anna verktøy for å kunne lage dine eigne fat, skeier og trau.

 

Slakting, partering av kjøt og bruken av skinnet
For vikingen var gleda av å skaffe seg godt kjøt, og å bruke alle ressursane dyret gav, noko av det viktigaste dei gjorde. Linja gjev tilbod om å vere med på dette.

Kva gjorde ein når ein ikkje hadde frysar? Det får du testa i praksis på linja.

 

Autentisk vikingliv

Vi har valt å nerme oss vikinglivet på ein praktisk, og så langt vi kan, ein mest muleg autentisk måte. I botnen av alt ligg evner og kunnskap om livet til vikingen. Slik blir du sjølv ein del av den levande historia, og ein del av vikingmiljøet i Noreg.

 

Område med mykje vikinghistorie
Fjordane Folkehøgskule ligg i eit nærområde der det er gjort arkeologiske funn som kansje er av dei viktigaste i landet. Her meiner ein at restane av norges kanskje største vikingskip "Myklebustskipet" ligg. Nordfjord var eit kraftsenter i vikingetida, og mange av toktene i Vesterled gjekk ut frå denne regionen. I Bjørkedalen, ca 20 min frå skulen, er det eit tradisjonsrikt båtbyggarmiljø av vikingskip over mange år. Ca 20-25 vikingskip er bygd her, og 3 vikingskip ligg klare til bruk på Bjørkedalsvatnet. Det er óg under planlegging eit opplevingssenter om vikingtida, "Sagastad", på Nordfjordeid.

Spørsmål om Vikinglivlinja?
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Søke om plass?

Eg vil søke om plass på Vikingliv

Sjå filmen om skipet som brann.