Informasjon

Full rulle med dans og kor.

Fredag 26.november 2010

Denne veka var det tid for å legge fra seg ridestøvlar, penslar og sjongleringsballar og prøve seg  på noko som for mange var ei ny oppleving - song og dans stod på timeplanen.

 

Tre dagar var sett av til dette og erfarne instruktørar var leigd inn til begge aktivitetane. I år som i fjor var det Roger Martin i kor og songar på forskjellige språk vart sunge.

 

I dans fekk vi undervisning av "ein av våre eigne" - Carina på hest som også er aktiv dansar og flink instruktør. Ho lærte elevar og lærarar den etter kvart kjende "Glow-dansen" som er kjent fra Eurovisjon Song Contest. Dette var eit kjekt innslag og positive elevar lærte mykje fortare enn instruktøren hadde trudd. Dette skal vi "halde varmt" og føresette får kanskje oppleve heile skulen i aksjon på avslutninga i mai.

 

Fredag var det tid for elevkveld med tema piratar. Det vart servert taco og eplekake med is og seinare vart det piratquiz og "Pirates of Caribbean" i peisestova.