Avslutningsdagen på Fjordane Folkehøgskule er kanskje ein av dei travlaste dagane i heile skuleåret for elevar og tilsette. Dei inviterte gjestane får vere med på Hesteshow på Fjordhestsenteret om føremiddagen, Sirkusshow om ettermiddagen, kunstutstilling som står opp heile dagen og ei stilfull offisiell avslutning i Aulaen om kvelden. Alt dette putta inn i mellom frukost, lunsj, middag og kveldskaffi heilt til slutt i 2300-tida. Dette er elevane sin eigen dag og dei har stort sett ansvar for alt programmet denne dagen - og dagen vart gjennomført på ein måte som alle kan vere stolte av! Takk til alle dei som stilte opp og gjorde dagen til ein fantastisk dag for oss alle!!!

Offisiell avslutning vart opna med at alle elevane dansa "Glow". Stilig....

Det var bare så vidt det var plass til alle 205 som skulle ha middag.

Ein bukett vakre avslutningselevar.

Skriving av helsingar i Årboka vart det også tid til på slutten.