Avslutningsdagen på Fjordane blei ein travel og opplevelsesrik dag med hesteshow på Fjordhestsenteret, sirkusshow i Aulaen, miniutstilling med kunstklassa og offisiell avslutning i Aulaen. I tillegg frukost, lunsj, middag og kveldskaffi i Peisestova. Tilbakemeldingane fra gjestane er at dei er overraska over nivået og kvaliteten på det som blei presenteret på linjene. Med dette er året på Fjordane over og vi vil takke alle for innsats, pågangsmot, utholdenhet og godt humør! Her er nokre bilde fra avslutninga. (..ikkje den beste bildekvaliteten, men likevel...)

Heile hestegjengen samla til å ta imot velfortent applaus.

Her er det om å gjere å halde tunga rett i munnen. Mykje lys- og lydutstyr krev konsentrasjon og kontroll.

Sirkus viste kabareen HENRIETTE etter inspirasjon fra Henrik VIII sitt virke.

Velfortent applaus til sirkusklassa.