Med "legomannen" som symbol erklærer vi skuleåret 2011/12 for opna. Å knyte saman og sosialisere elevane er viktig dei første dagane og legobygging har vist seg å vere eit effektivt og godt hjelpemiddel i slike samanhengar. Mange tidlegare elevar vil kjenne igjen dette. Og Paviljong 3 gjekk av med seieren dvs det var det laget som først klarte å kopiere "legomannen" etter bestemte reglar.

..og søndag ettermiddag var det grilling og rebusløp for å bli kjent med tettstaden Nordfjordeid.
