Dei to stipendiatane våre fekk blomster og gode ord for måten dei har gjennomført skuleåret på. Å vere stipendiat er ganske krevande då ein skal både vere elev og tilsett på same tid og det er mange ting ein må ta på sparket og ordne opp i gjennom året. Elles blei det mange kåringar av elevar som årets beste morgonsamling, ryddigaste paviljong, eleven med størst utvikling, hedersprisar for beste hestepassarar, dei mest søvnige, den mest rotete paviljongen osv..I tillegg stilte nokre av lærarane opp med underhaldning både før og etter noko som blei motteke med stor applaus! Her er dei to stipendiatane våre.
