Informasjon

It`s like a fairytale!

Mandag 7.juni 2010

Som fødestad for den kjende matematikaren Sophus Lie vert det kvar sommar arrangert sommarkurs eller forskarkurs på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid. I år er det to kurs der det første kurset nettopp er avslutta med 35 deltakarar fra ulike land i verda. Tema denne gongen var "C* - algebras and their interplay with dynamical systems" I tillegg til matematiske utfordringar er litt av tanken at deltakarane også skal oppleve Norge og spesielt Nordfjord. Tur til Briksdalsbreen i Stryn er obligatorisk med retur via Panoramavegen tilbake til Nordfjordeid. Og med sol fra klar himmel vart dette ei spesiell oppleving for mange. "It´s like a fairytale" som ein av deltakarane sa. Meir om sommarskulen finn du her.