Seminaret denne laurdagen hadde tema "Karriererettleiing". Tida er inne til å tenkje på komande haust og kva ein skal bli her i livet. Ei rask handsopprekking syner at over 60% av elevane ikkje har klare tankar for kva yrkesval dei skal pensle inn på. Seminaret var ein liten inspirasjon til å begynne denne prosessen. Her snakkar ein om verdivalg, draumar og interesser meir enn kva mulighetar som fins der ute i det verkelege livet. Opplegget, som innheld praktiske øvingar, er laga av Maren Skjelbreidalen og det var rektor som hadde ansvaret for gjennomføringa.

