Informasjon

Endeleg juleverkstad!

Lørdag 4.desember 2010

Denne veka var prega av ekstrem kulde, men med litt tilrettelegging gjekk det fint for både elevar, hestar og lærarar. Laurdag kom snøen, heile Eid vart kvitt, og julestemninga dukka nok opp hos mange. Då passa det bra at dagen var sett av til "Juledagen" - Fjordane FHS sin eigen juleverkstad. Vi hadde juletrepyntkonkurranse mellom  paviljongane, og vi fekk bake julekaker, lage kjulekransar og tørrtove julepynt.

 

Med gløgg, peparkake og julefilm i  peisestova var dette ein koseleg og positiv dag som fekk oss til å innsjå at det ikkje er lenge att til jul.

 

 

 

Namm, namm..

 

 

Også rektor må ta sin tørn med å pynte det store juletreet i peisestova.