Informasjon

Spesiell frukost.

Fredag 19.november 2010

Skulen sitt personale var tidleg oppe i dag for å lage til ein spesiell frukost til elevane. Fin duk på borda, servering av lærarane og mykje god mat.  I november prøver vi å bryte opp kvardagen litt ekstra med å variere undervisninga, arrangere annleisveke med korsang og dans, og på andre måtar gjere denne månaden litt lettare for elevane. For oss som jobbar i folkehøgskule rundt omkring i landet veit vi at november kan vere ein litt vanskeleg månad å kome seg gjennom.

 

Faklar singaliserer at noko skal skje.

 

Tusen takk for overraskelsen!

 

Siri og Mona klar til innsats.