Fasilitetane

Fjordane folkehøgskule har eit særeige preg med eit hovudbygg og 9 paviljongar med plass til 10 elevar på kvar.

I hovudbygget finn du matsalen, der du et frukost, middag og kvelds i lag med dei andre elevane på skulen. Du smør niste til lunsj, men kvar fredag har vi felles lunsj med heile personalet.  Her kan du også kose deg med ein kopp kaffi frå kaffimaskina vår.

matsal 01.jpg

Går du vidare til naborommet kjem du til peisestova, som er eit naturleg samlingspunkt på kveldstid. Her er det både tv, biljardbord og fleire koselege sofagrupper som blir flittig nytta til brettspel eller andre sosiale aktivitetar. Peisen blir ofte fyrt opp i helgane, og då blir det ofte peiskos med mat på bålet eller grilla marshmallows. Vi har også eit piano i peisestova, og det er alltid kjekt når nokon av elevane brukar det.

peisestua 01.jpg

Neste rom du kjem til legg opp til litt meir fysisk aktivitet. Treningsrommet vårt er godt utstyrt, og du får trena dei fleste muskelgruppene her. Sirkuslinja brukar dette rommet som ein del av undervisninga si, og dei andre linjene har også opplegg her innimellom. Treningsrommet er disponibelt for elevane frå morgon til kveld.

treningsrom 01.jpg

Ved sidan av treningsrommet ligg hesteklasserommet. Det blir brukt til teori for hestelinja, men er også i bruk av vikinglinja innimellom. Der står det også eit piano, som er fritt fram å øve på når klasserommet er ledig.

Vegg i vegg ligg salmakarverkstaden.  Her syr både hestefolk og vikingar i lær. Det er eit rom som er mykje i bruk både dag og kveld.

salmaker 01.jpg

Dersom du er likar å sjå på film, kan du glede deg over at vi har to kinorom. Eit lite som også blir brukt til gaming, og ein større sal med fullskala kinolerret og veldig bra lydanlegg. Den største salen er det vi kallar aulaen, og der startar vi dagen med morgonsamling. Aulaen blir også brukt som klasserom til sirkus. Der er ei stor scene og høgt under taket, så det er ideelt for mykje av den aktiviteten dei har på linja. Aulaen er flittig i bruk på kveldstid, både til trening, valfag og kino.

aula.jpg

I kjellaren ligg romma som blir brukte av kunstlinja. Her er det både teikne- og maleverkstad, keramikkrom og glasverkstad. Vikingane har også sitt hovudklasserom der nede. I tillegg er det ei snekkerbod, der ein kan drive med trearbeid.  Vaskerommet der du kan vaske kle, er også i kjellaren.