Fellestur til Sri Lanka

Fellestur til Sri Lanka

Fellesturen vår går til Sri Lanka i november. Dersom du har lyst på ein eksotisk tur, med opplevingar utanom dei vanlege turistreisemåla, anbefaler vi deg å nytte deg av denne moglegheita. Dette er ein variert og innhaldsrik tur, som er spekka med høgdepunkt frå start til slutt!

Fellestur  Sri Lanka 2017 05.jpg

Spennande og samansett
Fellestur  Sri Lanka 2017 02.jpgHer får du oppleve kultur, besøke ein barneheim, sjå og smake på te som landet produserer, safari i jungelen, elefantar og andre eksotiske dyr, tempel, tuk-tuk, varmt og deilig klima, tropiske frukter, sterk og spennande mat, rafting, kvalsafari, vi besøker fleire ting som står på UNESCO si verdsarvliste og vakre strender, for å nemne noko. Sri Lanka var ramma av krig i 30 år, og det er berre 10 år sidan det vart fred i landet. No er det eit fredelig land, og innbyggarane er imøtekommande og vennlege.

Oppleve saman
1200px-Flag_of_Sri_Lanka.svg.pngVi har eigen buss med ein lokal guide, som følger oss heile turen. Dette gjer at vi får forflytta oss over større delar av landet, og får moglegheita til å sjå og oppleve mykje. Noko med det unike ved ein slik tur, er at du får oppleve alt dette i lag med medelevane dine, som også blir nokre av dine beste venner dette året.

Fellestur  Sri Lanka 2017 07.jpg

Gje noko tilbake

Barneheimsbesøket er eit viktig høgdepunkt på turen. Her får vi treffe barn som må klare seg med veldig lite, og som setter stor pris på at vi kjem. Vi lagar ein aktivitetsdag for dei, og dette fin plattform for dei gode møta mellom menneske. Det er ei god kjensle å kunne gje noko til nokon som treng det og set pris på det.

Vakre strender og surf

Sri Lanka har ein vakker og frodig natur, med nokre perler av nokre strender! Det er deilige sandstrender, med nydeleg badetemperatur i havet. Dersom du er nysgjerrig på å surfe, kan Sri Lanka freiste med nokre fantastiske surfeplassar.

Bli med oss på tur for å få den komplette reiseopplevinga! 

Fellestur  Sri Lanka 2017 01.jpg

Fellestur  Sri Lanka 2017 08.jpgFolkehøgskulereisene er ei dannelsesreise.  Når en møter andre kulturar lærer en både noko om seg sjølv og den kulturen ein kjem til.

Fleire fakta om Sri Lanka finn du her på Wikipedia.

Sri Lanke.gif

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Les meir om fjordårets tur til Sri Lanka nedanfor.