Ledig stilling som kokk

64234758_472553886889513_8632433688530911232_n.jpg

Har du lyst å bli ein del av teamet på Fjordane folkehøgskule? Dersom du er faglært kokk håpar vi at du har lyst å søke jobb hos oss.

Fjordane Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule med plass til 84 elevar. Skulen er eigd og vert driven av eigarlaget for Fjordane Folkehøgskule, og vert driven ut frå gjeldande lov om Folkehøgskular. Skulen har 25 tilsette.

Frå 15.mai til 15.august er Fjordane folkehøgskule ein konferansestad, og har faste arrangement.

Arbeidsoppgåver:

·       Lage til kald og varm mat

·       Delta i menyplanlegging

·       Utfører reinhaldsoppgåver tilknytt kjøkken, spisesal og administrasjonen

·       Følge interne rutinar omkring HMS og mattryggleik

Vi søker deg som:

·       Har fagbrev som kokk

·       Er utåtvend, fleksibel, strukturert og arbeidsam

·       Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team

·       Er fleksibel, jobbar godt under stress og har ein profesjonell og personleg tilnærming til kollegar, elevar og besøkande

·       Har eit stort fagleg engasjement

·       Er energisk og entusiastisk

Vi tilbyr:

·       Lønns- og arbeidstidsvilkår ihht Virkes tariffavtale, medlemskap i KLP

·       Eit godt arbeidsmiljø

·       Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver

Skulen ligg på Nordfjordeid, i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Tettstaden Nordfjordeid har eit godt utbygd skuleverk og gode kulturtilbod. Eid kommune er ein kommune i vekst med gode levevilkår for både store og små.

Vi oppfordrar spesielt mannlege kokkar å søkje.

Nærare opplysningar om stillinga kan de få ved å ta kontakt med:

Rektor Silvia van Hesik Førde tlf.nr 92612455

Internatleiar Gunnhild Myklebust, tlf.nr 48215686

Ytterlegare informasjon om skulen: www.fjordane.fhs.no, og www.facebook.com/fjordanefhs

Søknad m/cv og attester vert å sende til rektor@fjordane.fhs.no  innan 26.juni 2019

Gasta Design