Bu og fritid

IMG_0345.JPG

linja for deg som har lyst til å prøve å stå på egne bein, samtidig som du vil få litt ekstra oppfølging og tilrettelegging i kvardagen.

Det å flytte for seg sjølv kan for mange vere ei utfordring og på Fjordane får du mulighet til å gjere dette innanfor trygge rammer. Hos oss er det assistentar på jobb fra tidlig morgon til seine kvelden. Desse er der for deg og gir deg veiledning og støtte i kvardagen.

Bli med på mange kjekke aktivitetar, reise på kortare og lengre turar, lage mat og ha en aktiv og sosial kvardag, med både medelevar og resten av skulen. Du får fantastiske naturopplevingar, venar for livet og ein haug av meistringsopplevingar.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Matlaging

  • Kosthold
  • Lære å lage enkle pg fullverdige måltid
  • Kjøkkenhygiene

Økonomi

  • Føre (og prøve å halde) eit budsjett
  • Kva er pengar
  • Pengar inn og pengar ut

Daglege gjeremål

  • Personleg hygiene
  • Hus/romvask
  • Vask av kle
  • Bruk av vaskemaskin, tørketrommel o.l.
  • Kle seg etter ver og føremål

Butrening

  • Lære seg å bli sjølvstendig
  • Bu åleine (overnatte i eigen leilighet)
  • Stå opp sjøl om morgonen (og legge seg i tide)
  • Sette opp vekemeny og invitere venner

Vegen vidare

  • Skrive jobbsøknad og CV
  • Trene på jobbintervju
  • Utvikling av sjølvstendige ferdigheiter

Samhandlingsøvingar

  • Samarbeid
  • Koordinasjon
  • Kroppsbehersking
  • Korleis snakkar vi med og til kvarandre
  • Konflikthandtering

Fysisk aktivitet

  • Ute/inne
  • Gode rutinar rundt fysiske aktiviteter
  • Turar i lokalmiljøet, nytte naturen
  • Styrketrening
  • Yoga
 
IMG_0348.JPG

Allsidig kvardag

I skoletida driv vi med alt frå linjefag, til matlaging, trening, husvask, turar i skog og fjell. Du får både faglege og personlege utfordringar, og etter eit år på Fjordane er målet at du er bedre rusta til deltaking i samfunnet og arbeidslivet.

På linja er det 6-8 elevar med lettere psykisk utviklingshemming og andre lærevanskar.

Gjennom deltaking på bu og fritidslinja vil du lære:

- Å samarbeid og bu saman med andre

- Å ta hensyn til andre

- Å kommunisere med mange ulike mennesker

- Å vere ute i naturen, vere fysisk aktiv og ta vare på helsa di

- Å halde rommet ryddig og reint

- Å bruke vaskemaskin og vaske dine eigne klær

- Å lage sunn og god mat

- Å styre pengar og eigen økonomi

- Å skrive søknader om jobb, CV og jobbintervju

- At du kan meir enn du trur

- At saman er vi sterke

- At med hardt arbeid og godt humør kan kva som helst skje

IMG_0344.JPG

Våre forventningar til deg:

- Godt humør

- God samarbeidsvilje

- Ønske om å lære og oppleve noko nytt

- Ville bidra til eit åpent og inkluderandre fellesskap

- Meistrer av- og påkledning

- Ivaretar eigen hygiene som dusj og tannpuss

IMG_6343.JPG

Fagleg fordjupning

I tillegg til aktiviteter i dagliglivet kan du velge eit av våre linjefag, enten om du vil drive med hest, kunst, sirkus, viking eller prøve deg som vaktmestar. Vi er forberedt på å gi deg eit opplegg tilpassa dine behov. Ta kontakt med oss, så vil vi tilrettelegge så godt vi kan.

Vi brukar naturen som er rund oss og er mykje ute. Vi reiser på lokale turar og "blåturar" i regionen Nordfjord/Sunnmøre. I tillegg til ein utanlandstur der ein kan velge mellom å vere med hesteelevane til Danmark eller dei andre elevane til Spania.

For å gå på denne linja er eleven avhengig av tilskot gjennom NAV. Det er eleven sjølv som må søke, men skulen hjelper til med dokumentasjonen som trengs.

 

Søknads-/opptaksfrist:

Den normale opptaksfristen, som på andre linjer er 1. februar, gjeld ikkje for denne linja. Du kan søke og bli teken opp heile året. Det er ønskeleg frå skulen si side at du er tidleg ute med søknaden din!

Spørsmål om bu og fritidslinje? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design