Vikingliv

IMG_6547.jpg

Fasinerer vikingtida deg?

Frå ca år 800 – 1100 var Vikingane folket som endra Europa meir enn nokon andre. Syns du vikingtida er spennande? Er du interessert i korleis dei dreiv med handverk og handarbeid på den tida?

Vikinglivlinja er både for deg som ikkje har praktisert noko i vikingmiljøet tidlegare, men er nysgjerrig på kva det er, og for deg som er ein meir erfaren viking og har mykje kunnskap om dette allereie. Undervisninga blir tilpassa det nivået du er på, slik at du får nok utfordringar og mykje ny kunnskap.

Som einaste skule har vi både langhus og smie på skulen sitt område! Både langhuset og smia kjem til å vere mykje i bruk i dagleglivet på Vikinglivlinja.

Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. Då prøver vi ofte å komme oss ut. Vi kjem oss ellers ut i naturen minst ein gong i veka, og gjerne oftare om veret er med oss.

Vikingliv er eit liv med mykje variasjon i dagane, spennande kunnskap og glede.

Fag

Klikk på faget og les meir.

Vikingliv

Reenactment er for oss å stadig komme nærmere og forstå korleis vikingane levde livet sitt. Gjennom praktiske ferdigheter og kunnskap. Men ut frå kva som er praktisk gjennomførbart i vår eiga tid. Vikingliv er og gleda av lære vekk det vi kan til lokale barn og ungdom.

Historie og samfunn

Åra 793–1066 blir oftast sett på som vikingtida. For å forstå tida bedre legg vi til litt av tida før og etter. Kunnskap om både kva som skjedde og kvifor det skjedde. Sett fra kvinner, rikfolk, friemenn og trell sine auge.

Gudane og myter

Gudane var meir i lynne som folk flest den gongen. Kva kan ein lære om seg sjølv, og livet? Da gjennom å bli bedre kjend med dei historiene som dei norrøne gudane gjennomlevde.

Smie

Skulen har to smier. Ei oppe ved stallane og ei grindbygd-smie nede ved skulen. Ein vil få tilbod om grunnopplæring. Normalt smir dei fleste seg ein kvinneknif, tennstål, beltespenne, spenner og nåler. Ein kan og gå vidare etter dette.

Klær, nålbinding og bånd

Mye tid går med om en vil sy for hånd og med de rett type saum. Plagg av ull og lin. Bukse, kjole, ulike jakker, votter og hodeplagg. Du lærer også litt om prinsippa bak farging av ull. Ulike typer vevnad i stoffet. Nålebinding er strikking med å lage knuter. Så ikke likt strikking eller hekling, men produktet ligner. Brikkebåndveven lager de vakreste mønster båndene som vikingane pynta seg med.

Skinnarbeid

Belte, sko, pose, hanskar til blankvåpen eller veske. Det er mange gode og praktiske ting ein kan få laga seg i skinn. Skulen gir og tilbod om slamakar valfag.

Trearbeid

Vi startar enkelt med skje og fat. Etter det skjold, kister, enkel stol m.m. Bearbeide treet med klyver, øks, sag og tappjern. Høvele og tilstutt etter med linolje, tjære eller bivoks.

Leir og vikingmarknad

Linja har fire store saxsertelt og fult utstyr til å lage mat over bål. Nære været er med oss reiser vi ut og slår leir - eller vi deltek på lokale vikingmarknader.

Fagturar

Tre dagar på Gudvangen vikinglandsby - med tur innom stavkirker. Middelaldermuseet i Ålesund, "Borgundkaupang". Lokale museum og båtbygarane i Bjørkedalen. Sagastad med det nybygde Myklebudstskipet på 30 meter. År om anna tek vi turen til Møre på besøk til Møre Frie Vikingar, Gulating eller andre stadar som er faglege intersante og hyggelege.

Musikk og kvad

Historiske trommer, bukkehorn, lur og lyre. Sang - og forsøk på kveeing og den hyggelege versjonen av galdring. I år har mange av Wardruna sine songar blitt øvd inn. Kvade; lage litt teater, av vikingane eller gudane sin tid er gøy.

Leiker og spel

Det finnes fleire tital historisk leikar. Der vaksne folk leika vel så mykje og hardare enn barna. Brettspel og terningspel som fantes på vikingan sin tid. Hnefatafl; kjent som viking sjak, er det mest kjente. Linja samarbeider også med historiske kortspel utviklare på Island.

Matauk og lage mat

Hausten lagar vi eplesaft, tørker epler og sopp, nype-sirup, slaktar og deler sau. Andre bær og urter, tørke kjøtt m.m. kan det og bli tid til. Både over bål, men og på vanleg kjøkken, lærer de å lage surdeigsbrød fra bunn, flatbrød, partere høne, graut, bygg-gryns velling, ferskost, kalvedans, mjød med meire. Mat til Jolemiddagen og gropsteiking av lamelær og plankefisk til våren.

Blankvåpen - og fjordhest

Selv med blunte sverd, saxser kniver, liten- og danøks, kort og langt spyd kan ein råke kvarandre slik at det svir. Derfor er bruk av skjold, paddinger, grovt hodeplagg / hjelm, tannbeskyttar, susp, tykke sko og briller nødvendige tiltak når ein trener. Riding på fjordhest er eit valfag. Det same er blankvåpen. Elever fra andre klassar kan og delta.

Båt, fiske, ro og segle

Skulen har eigen firbøring, trebåt med 8 årer. Vedlikehald av den, praktisk bruk, fiske og ro. Gjennom eit samarbeid med Nordfjord Vikinglag får ti tilgang på ein sjubøring, trebåt med 14 årer og stort segl. Den vil vi både ro og segle. Snøre- og garnfiske kan det og hende vi tek oss tid til.

Grind og stavbygg

Skule åra 2018 og 2019 jobbe vi på skogen, vøla materiell - og bygde i saman med Edvard Røkkum, som har sitt eige autentiske langhus, ei litt større smie. På turar stopper vi gjerne for å bli bedre kjent med teknikkane.

Pil og Bue

Grunnferdigheter på langbue. Moglegheti til å lage bue fra bunen. Jaktløypa med pil og bue får vi og testa.

Bruke skogen

Å hente ut materiell til det ein laga krever litt. Kva slags tre? Kva med kvist? Vind? For hardt? Uttørket vinterskog? For stivt kan det knekke ved kvisten? Grunnleggande forståelse er noko alle treng.

Steingods

Det er funnen lite keramikk som har overlevd vikingtid i norden. Men noko hadde dei. Vi tar utgangspunkt i kjente fun og praktiske gjenstandar. Leira vil bli brent i raku-ovn, vedfyrt.

fullsizeoutput_3792.jpg

Dette får du lære

Vi har valt å nerme oss vikinglivet på ein praktisk, og så langt vi kan, på ein mest mogleg autentisk måte. I botnen av alt ligg evner og kunnskap om livet til vikingen. Slik blir du sjølv ein del av den levande historia, og ein del av vikingmiljøet i Noreg. Lista over fag vi er innom er variert og spennande. Du vil også jobbe med 3-5 ulike ting på ein gong. Går ein litt mett av det eine, tek ein frem eit av dei andre. Av erfaring veit ein at folk arbeider i ulikt tempo, så kor mykje du har fått laga i løpet av året er også opp til deg. Verkstadane står opne på kveldstid samt i helgane.

IMG_6510.png

Sterke kvinner

Kvinnene i Norden var dei mest likeverdige i Europa

Vikingliv+2017+2018.jpg

Vikingtida er framleis levande i Nordfjord

Vikinliv-linja samarbeider med enkeltmedlemmar frå Møre Frie Vikingar, og med vårt lokale Nordfjord Vikinglag. Dei kjem og held fagkurs for oss; som å lage honning om til mjød, eller vi berre har det kjekt saman. Gjerne på ein lokal vikingleir eller marknad.

IMG_7538.jpg

Vikingtid

Det blir satsa mykje lokalt for å vise fram vikingane slik dei levde, tenkte og reiste. Nordfjord var eit kraftsenter i vikingtida, og mange av toktene i Vesterled gjekk ut frå denne regionen. Dei store norske skipsgravene frå vikingtida er unike i verdssamanheng.

Fjordane folkehøgskule ligg midt i eit nærområde der det er gjort arkeologiske funn som er av dei viktigaste i landet.
Det har óg vore store utgravingar i nabokommunane. Funna på kongsgarden i Gloppen ga eit godt bilde av livet dei hadde.
Ute ved Dragseidet på Stadtlandet drog dei båtane over eit av dei farlegaste havområda i Norge. Det er i nærleiken av der den mykje omtala stadttunnelen for skip vil komme.

Myklebustskipet er restane av eit brent vikingskip som blei funne i ein gravhaug på garden Myklebust, som ligg like ved skulen. Berre naglane er intakte, men ut ifrå antalet kan skipet ha vore minst 30 meter langt, og dermed kanskje det største vikingskipet som det er funne spor av hittil i Norge. Våren 2019 opnar Sagastad, eit kombinert viten- og opplevingssenter ved fjorden i Nordfjordeid sentrum. Ein sentral del av utstillinga i Sagastad er Myklebustskipet. Skipet vert bygd i full målestokk, ca. 30 m langt og 6,5 m breitt. Vi følgjer denne prosessen, og når skipet skal sjøsettast får elevane våre vere med på dette.

gudvangen1.jpg

Men kva er ein moderne viking?

Stikk det djupare enn å ta på seg noen klær? Vi kler oss opp som vikingar - ein kler seg aldri “ut” som vikingar. Sigrid-Antte bor ein liten time fra oss og er ein moderne viking. I denne artikkelen blir du kjent med ein viking-familie. Ein del av den store viking-familien i Norge. Dei ein møter på marknader og i alle vikinglag rundt omkring i Norge, som Møre Frie vikingar eller Nordfjord Vikinglag.

På tide å gjere det du har lyst til?

Gled deg til eitt eller to år hos oss! Kvart år er det fleire elevar som finn ut at eit år til på Vikingliv freistar. Det tyder på at dei har det bra her hos oss på Fjordane Folkehøgskule.

Lurar du på noko, ta kontakt med Stig Gunnar Myren som er faglegansvarleg for Vikingliv.

Spørsmål om Vikingliv? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design