Hest - allround

AA 700 92dp  Framsidebilde hest allround .jpg

Stor spennvidde i det du lærer!

På Hest Allround får du ein variert hestekvardag, der du er innom mange spennande emner innanfor hestefaget.

Dette er linja for deg som gjerne vil få prøve litt forskjellig, alt frå klassisk dressur og sprangriding, til skogskøyring, langturar og for eksempel riding med halsring.

Du har sjølv moglegheit til å forme mykje av innhaldet i året etter dine eigne interesser.

På denne linja treng du ikkje ha noko tidlegare erfaring med hest, undervisninga blir tilpassa deg på ditt nivå. Du vil få ein kjekk kvardag med passe utfordringar, enten du er erfaren, om du aldri har ridd eller om du har ridd mest på tur. Klassa blir delt inn i mindre grupper i undervisninga.

IMG_7915 (1).JPG

Lære gjennom praksis

Kommunikasjon mellom deg og hesten din er viktig, og det er noko vi ønsker å jobbe med. Målet er at du og hesten skal ha eit bra samspel i alle situasjonar.

Vi har satt saman ein timeplan som vi meinar er med på å gje deg eit så godt grunnlag som mogleg. Vi vil gjere deg i stand til å ta sjølvstendige og gode vurderingar, og ha eit bevisst forhold til kva som er eit godt og etisk hestehald.

I timar som utstyr og hestehald prøver vi å vere mykje i stallen, slik at du får øve deg i praksis på bandasjering, klargjering av hest for konkurranse og utstilling, barbering, trimming, fletting og knopping. Frisering av forskjellege hestar, alt etter rasestandard og bruksområde. Du får også lære om tilpassing av dekken, hodelag, bitt og sal. Som regel har vi saltilpassar på besøk ein gong i halvåret for deg med eigen hest som ønsker meir hjelp. Vi går også gjennom ulike typar bitt og deira innverknad på hesten.

Du får lære om massasje og stretching av hesten din. Vi er også innom hesten i trafikken, riding i utmark, fargelære, stalldrift, treningslære og hesten si åtferd: «kvifor gjer dei på dette viset?»

I allroundtekst.JPG

Erfarne og flinke skulehestar!

Vårt fokus er at både du og hesten skal få allsidig trening og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/kusken sin innverknad på hesten. Dersom du ikkje har eigen hest, har vi ein flott gjeng med skulehestar som står klar for å dele av sin kunnskap med deg. Dei er med på å gje deg eit lærerikt og innhaldsrikt år, med mykje glede og gode opplevingar. Du vil garantert reise herifrå med ein ny hjartevenn, etter du har delt eit heilt skuleår med din eigen faste passhest.

Allroundtekst.jpeg

Flytt på eigne grenser

Dette året er ei fantastisk anledning til å få testa ut nye ting med hest. Sikkerheit er alltid i fokus med oss, og det er med på å skape trygge rammer for deg og hesten. Vi vil at du skal få oppleve, utforske, erfare, lære og meistre mest mogleg saman med hestane. Alle lærarane våre er godt utdanna, både innan riding og køyring. Dette er med på å gje deg god og variert undervisning i alle fag.

Har du ikkje grønt kort, så får du moglegheit til å ta det i løpet av året. Grønt kort er eit bevis ein må ha for å få starte konkurransar over klubbnivå. Her går vi mellom anna gjennom konkurransereglement og sikkerhet rundt hestehandtering.

Ein time i veka er det terapiriding på timeplanen, der elevane er med og hjelper til. Her deltek personar med ulike handicap frå heile distriktet, og du får vere med på å gje dei eit viktig tilbod saman med hesten.

Image-3.png

Faga

Klikk på faget og les meir.

Dressurriding

Dressurriding – her startar vi med det grunnleggande, og jobbar oss oppover. I løpet av året er du innom øvingar frå LD til LA. Vi har to timar i veka til disposisjon, der vi har fullt fokus på klassisk dressur i den eine av timane. Den andre timen kan brukast til ulike alternativ som bruksriding, gymkhana eller det de sjølv ønsker. Det er også mogleg å bruke begge timane til klassisk dressur. Vi legg stor vekt på ein god og balansert grunnsits, noko som er viktig i alle disiplinar og all riding.

Sprangriding

Sprangriding - Ein time i veka er det sprangriding. På desse timane skjer det mykje forskjellig, som bakkearbeid over bommar, gymnastikkhopping, banetrening, caprilli og sjølvsagt fokus på ein god grunnsits. Gruppene i sprang blir sett saman ut ifrå kva nivå og interesse ein har for det. Dersom du ikkje er så begeistra for å hoppe, eller kanskje synes det er litt skummelt, så tek vi omsyn til dette og jobbar mot å finne tryggleik og glede. Dersom du er veldig glad i sprang og ikkje kan få nok av det, er det mogleg å få ekstra sprangtimar om du blir med på valfag sprang. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring

Køyring - Hovuddelen av køyreundervisninga går føre seg på utebana der du lærer grunnleggande dressurøvingar og presisjonskøyring. Du får også prøve køyring med ulike typar vogner. Innimellom køyrer vi på tur i idylliske Eid, og kanskje blir det ein liten is på vegen ein solvarm dag. Du får lære brukskøyring og innføring i køyring med tospann. Vi har også tilgang til travspor. Om du aldri har køyrt med hest før, eller om du har med din eigen hest og har mykje erfaring, så vil du få eit tilpassa opplegg som passar nettopp for deg. Skulen har mange trygge og gode køyrehestar. Du har også moglegheita til å komplettere med valgfag tømmekøyring, som kan gje deg ei betre forståing og allsidig trening.

Hestehald/hestehandtering

I desse faga er vi innom mange ulike emner som vil gjere deg meir komplett og kompetent som hesteperson. Leietrening, hingstehandtering, mønstring, longering, tømmelongering, lasting og transport av hest, tannsjekk, helsesjekk, pulstrening, sjukdomar, stell, hesten sine fysiologiske behov, avl, fôring, unghesthandtering og mykje meir.

Ride- og køyreteori

Du får lære all den viktige basisen du treng i ride- og køyreteori. I dette faget går vi gjennom øvingane vi rir/køyrer på timane. Vi prøvar å kombinere teorien samtidig med det som blir undervist i praksis, slik at du får størst mogleg forståing for det vi jobbar med.

Salmakar

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Hestekunnskap

I dette faget lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Beslag

Her får du teoretisk innføring i hoven sin anatomi og funksjon, før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest, bør kunne ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslager.

Kom i bedre form! Ein time i veka har du ryttartrening. I desse timane trenar vi styrke og kondisjon. Stretching er også ein viktig del av treningsopplegget. Her har vi fokus på å tøye dei musklane som lett blir stramme og støle etter riding. Dette er veldig godt likt blant elevane. Som ryttar er det svært viktig å trene og vere i form, også når ein ikkje er på hesteryggen. Treninga har fokus på å styrke kjernemuskulatur og kondisjon som krevst for å bli ein bedre rytter. Dette kan gje deg bedre balanse, bedre utholdenhet og bedre sits.

Stell og stalltjeneste - hestefaget er meir enn berre riding, difor er det naturleg at vi tek del i den daglige stalldrifta.

Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. På desse dagane er vi innom mange forskjellege tema, slik som blant anna laushopping, snørekøyring, langtur, agility med hest og mykje meir. Eller vi rir på ein flott tur til seters.

Spørsmål om hest, ride- og køyresport? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design