Hest, ride- og køyresport

Hest ride- og køyresport ridetime ute

Har du blitt bitt av hestebasillen?

Har du blitt bitt av hestebasillen, har eigen hest eller berre har veldig lyst til å bli ein betre ryttar og/ eller kusk, er dette linja for deg. Vi gjev deg undervisning med høg kvalitet av godt utdanna og aktive lærarar som også er aktive ryttarar og kuskar.

Vårt fokus er at både du og hesten skal få allsidig trening og at samspelet mellom deg og hesten skal utviklast gjennom god undervisning og forståing av ryttaren/kusken sin innverknad på hesten. Undervisninga blir retta mot konkurranse i løpet av året.

Vi samarbeider med den lokale rideklubben om å arrangere stevner, samt at vi reiser rundt på stevner i nærområdet.  For å kunne delta på stevne over klubbnivå trenger du grøntkort, det får du muligheten til å ta hos oss. Her går vi blant anna gjennom konkurransereglement og sikkerhet rundt hestehandtering.

Gjennom fleire valfag kan du fordjupe deg enda meir i ride og/ eller køyresporten om du har lyst til det. Vi har også mulighet for å hjelpe deg som har med eigen hest ekstra med hesten din dersom det er behov for det.

Har du ikkje med din eigen hest er det ikkje noko problem. Du får då bruke ein av dei flinke skulehestane våre som går LA med øvelsar til MB i dressur, middels køyring, 80-90 cm baner i sprang og feltritt.

Ein gong i halvåret får vi besøk av ein av dei fremste tannspesialistane i Norge.

Stalltjeneste Sigrid

Praksis og teori går hand i hand

Teoritimane ernæring og avl lærar deg alt om riktig fôring av hesten i forhold til bruk. Drøymer du om føl eller å få fram ein kåra hingst får du alt om det i desse timane.

Du får lære om massasje og stretching av hesten din. Vi er også innom hesten i trafikken, riding i utmark, signalement på hest, stalldrift, treningslære og hestens oppførsel: «Kvifor gjer hestane dette?».

Utstyrstimane - er populære og fører til mange lærerike diskusjonar. Her prøver vi å vere mykje i stallen, så du får øve deg i praksis på bandasjering, klargjering av hest for konkurranse og utstilling, barbering, trimming, fletting og sying av fletter, samt frisering av forskjellege hestar, alt etter rasestandard og bruksområde.

Tilpassing av dekken, hodelag, bitt og sal, alt om forskjellige typar bitt og deira innvirkning. Ein gong i halvåret har vi saltilpassar på besøk for deg som ønsker hjelp til å finne riktig sal til hesten din.

Ein time i veka er det terapiridning på timeplanen, der elevane er med og hjelper til. Her deltek personar med ulike handikap frå hele distriktet, og du får vere med på å gje dei eit viktig tilbod saman med hesten.

Ride og køyresport snørekjøring

Spennande kvardag på ride- og kjøresportlinje

Kom i bedre form! Ein time i veka har du ryttartrening. I desse timane trenar vi styrke og kondisjon. Stretching er også ein viktig del av treningsopplegget. Her har vi fokus på å tøye dei musklane som lett blir stramme og støle etter riding. Dette er veldig godt likt blant elevane. Som ryttar er det svært viktig å trene og vere i form, også når ein ikkje er på hesteryggen. Treninga har fokus på å styrke kjernemuskulatur og kondisjon som krevst for å bli ein bedre rytter. Dette kan gje deg bedre balanse, bedre utholdenhet og bedre sits.

Stell og stalltjeneste - hestefaget er meir enn berre riding, difor er det naturleg at vi tek del i den daglige stalldrifta.

Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. På desse dagane er vi innom mange forskjellege tema, slik som blant anna laushopping, snørekøyring, langtur, agility med hest og mykje meir. Eller vi rir på ein flott tur til seters.

Beslagstime

Beslag

Beslag - her får du teoretisk innføring i hovens anatomi og funksjon før vi går i gang med praktiske øvingar. Du lærer å ta av sko, beskjære og slå på sko. Alle som har det daglege ansvaret for ein hest bør kunne å ta av ein sko når det er nødvendig. Her lærer du gjennom å øve på skoing av våre snille skulehestar. Dette er god øving og praksis dersom du vurderer å bli hovslagar. Nina som gjekk i lære hos våre hovslagarar under 2. året på Fjordane Folkehøgskule, og no jobbar som hovslagar kan du lese meir om på hennar facebookside.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Dressurriding

Dressurriding – vi underviser etter dei klassiske rideprinsippa og har mykje fokus på korleis vi som ryttarar kan virke inn på hesten på ein rettferdig og god måte. Korrekt samspel med hesten er viktig for å oppnå framgang av ekvipasjen (rytter og hest). Du vil få ein gjennomgang av alle øvelsane frå LC til og med LA. Undervisninga følger utviklinga di, slik at du heile tida får utfordringar som passar for deg. Alle får tilpassa undervisning etter det nivået dei er på.

Sprangriding

Sprangriding - jobbar vi mykje med å få ein riktig sits både over og mellom hinder. Dette er viktig for å kunne påverke hesten til å hoppe på ønska hinderhøgde. Gjennom gymnastikkhopping og forskjellege sprangøvingar slik som å trene på å finne riktig avsprangspunkt, utviklar vi samspelet mellom hest og rytter. Banehopping kjem som ein naturlig del av undervisninga etter kvart som rytter og hest utviklar seg. Om du har hoppa mykje eller lite frå før, eller har ein urutinert hest tilpassar vi undervisninga etter det. Kvar vår har vi feltrittstrening og gjennomfører Fjordane Cup som er ein sammenlagtkonkurranse i dressur, sprang og feltritt.

Køyring

Køyring - får du ein gjennomgang av utstyret ein treng, og korleis du bruker utstyret. Du lærer korleis du tømmekøyrer hesten din, og kan trene hesten frå bakken. Du får ei grundig innføring i dressurkøyring, presisjonskøyring og maratonkøyring. Vi bruker skulehestane i køyretimane, og køyrer både på utebana og inne i ridehallen på 20mx60m bane. Ønsker du å bruke din eige hest kan du det etter avtale med læraren. Førebuing og deltaking i køyrekonkurransar står også på timeplanen.

Dressurteori

Dressurteorien - går vi gjennom alt vi gjer på ridetimane. Det betyr ein grundig gjennomgang av sits og hjelparar, kva er riktig form på hesten, og alle øvelsane til og med LA, i tillegg til nokre øvelsar i middels B slik som versade og travèr. Dressurreglement og dressurprogram finn du også i desse timane. Alt du går gjennom i dressurteorien gjer vi i praksis på ridetimane.

Sprangteori

Sprangteori - lærer du alt om korrekt to og tre-punktssits, kva er ein god spranghest, korleis bygger eg ei sprangbane, alt om hindertypar og anridning, i tillegg til sprangreglement og forskjellege bedømmingar i sprangriding og konkurransar.

Veterinærfag

Veterinærfag - er eit fag som gjev deg som ryttar, kusk og hesteeigar grunnleggande kunnskap om vaksiner, ormbehandling, sår- og sjukdomsbehandling, anatomi og mykje meir. Dette er eit fag du ikkje vil gå glipp av!

Salmakar

Salmakar – i byrjinga av skuleåret har vi faget salmakar, du lærer å reparere og sy i lær. Alle lager sitt eige leietau i lær med kjetting. Etter innføringa startar salmakar valfag der du kan for eksempel lage din eigen handsydde lærgrime, hundeutstyr eller reparere dine eigne ting. Det kan vere kjekt å prøve på om du funderer på ein god gammal karriere som salmakar sjølv. Det er fleire elevar som etter å ha gått her, jobbar vidare som salmakar på heiltid, deltid eller hobbybasis.

Hestekunnskap

Hestekunnskap - lærer du om kva det inneber å ha hest i forhold til forskrifter, kva som kan vere viktig å tenke på om du kjøper eller sel hest, har hest på fôr eller leiger/låner, om kontrakt, forsikring og kven som har ansvar dersom det skjer noko.

Spørsmål om hest, ride- og køyresport? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design