Personleg bærekraft

friluftsliv.jpeg

Har du lyst å bli med på eit år med fokus på å få det betre med deg sjølv?

Gjennom å vere fysisk aktiv, forbetre kosthaldet, vere med i eit fellesskap og få betre rutine i kvardagen vil du oppleve å få auka trivsel og livskvalitet.
Personleg bærekraft er linja for deg som ønskjer å ta ansvar for eigen kvardag, og som gjerne vil ha rettleiing i å ta gode livsstilsval.

Målet gjennom året er å hjelpe deg mot ei varig livsstilsendring, der du oppnår personlege mål og får meistringskjensle. Dette blir gjort både i fellesskap og individuelt. Vi ønskjer å tilby eit trygt og godt miljø, der elevane motiverer og støtter kvarandre, men hovudfokuset er på deg sjølv.

 
surf hoddevika.JPG

Naturopplevingar

Treningsglede er når natur, leik, vener og mestring blir ein pakke.

bål tur.jpeg

Inkluderande fellesskap

Å gå eit år på folkehøgskule vil gje deg nye vennskap og mange minner. Vi legg stor vekt på fellesskapet,og at det skal være inkluderande. Gjennom året vil du som elev delta i undervisning som bygger på å gjere noko for andre, saman. Du vil få oppleve å ha det kjekt, oppleve ting, utvikle deg, utfordre deg og utfolde deg, saman med dine medelevar og vennar.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Aktiv kvardag i teori og praksis.

Skulen ligg i vakre Nordfjord, med eit rikt tilbod på naturopplevingar. Fordelane med ei slik plassering får du dra nytte av i undervisninga. I tillegg brukar vi skulen sitt godt utstyrte treningsrom, og idrettshallen med basseng som ligg rett ved skulen. Vår filosofi er at natur og variasjon er nøkkelen til å holde treningsgleda og motivasjonen oppe. Med dette faget ligg fokuset på at vi brukar kroppen vår, og at vi får ein forståing av korleis kroppen vår fungerer.

Yoga

Yoga er fast på timeplan og her trenar du dei klassiske yogaøvingar som gir kroppen din smidigheit og styrke. Du lærer også pusteøvingar som hjelper deg å få meir energi og overskot til din kvardag. Yoga gjer oss bevisste på våre sterke og svake sider og lar oss sette grenser basert på kroppens signaler. Gjennom suksessivt å bli betre til å sette sunne grenser på yogamatta, kan vi også ta denne innsikta med oss ut i kvardagen og skape betre balanse i livet. I tillegg til yoga vil vi bruke spa-avdelingen på Nordfjord hotell for å lære å stresse ned etter travle kvardager, lage eigne spaprodukter og lære grunnleggande massasje.

Bli venn med deg sjølv!

Vi vil hjelpe deg på vegen med å få det betre med deg sjølv. Her skal vi sette individuelle mål etter kva du ønskjer å endre med din livsstil. Arbeid med motivasjon og coaching gjennom samtalar i grupper og individuelt, vil vere sentralt for denne delen av linja. Kvar elev vil få individuell oppfølging.

Struktur i kvardagen

Å ha rutiner og eit system gjer at vi enklare får oversikt og kontroll over eigen kvardag. Her vil vi sjå på søvnrutinar, rutinar for mat og måltid. Dette vil vere ei bevisstgjering for kvar enkelt om korleis ein bør legge opp dagane for å få ein god kvardag. Følelsen av å ha kontroll over eige liv og eigen kvardag vil føre til auka trivsel og sjølvkjensle.

Mat med meining

Kosthald er ei svært viktig brikke i eit heilskapleg bilde kalla helse. Gjennom å ete mat som er bra for kroppen vil du oppleve at kroppen får overskot og energi til å meistre kvardagen betre. I dette faget skal vi leike oss på kjøkkenet mens vi lagar god mat med meining for ein friskare kvardag. Næringsinnhald, sunn mat og mat laga frå botnen av er nokre stikkorda som kan nemnast for faget. Vi synast også at det er ein fin ting å kombinere mat og natur. Bålet som ventar etter ein lengre eller kortare tur, byr på mykje godt: varme, samhold og ikkje minst — på bålet kan du lage deilige og energirike rettar.

Tilleggsvalt linjefag

Det er mogleg for deg å følgje nokre timar frå dei andre linjene dersom du ønskjer det. Linjene du kan velge mellom er:

Hest Allround eller hest ride- og kjøresport Kunst/Foto/Glass Nysirkus Vikingliv

Ta opp eit fag

Om du ønskjer å ta opp igjen fag frå vidaregåande skule er det moglegheiter for å få hjelp med faget du tar opp.

Spørsmål om Personleg bærekraft? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design