Nordfjordeid 

 
I teksten om Nordfjordeid.jpeg

Bygdeby med sjel

Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjent for eit rikt idretts- og kulturliv. Skulen ligg i gangavstand til alt du ønsker å få med deg:

Operahus med konsertsal, kino, bibliotek og vidaregåandeskule.

Beachvolley og sandstrand midt i sentrum.

Svømmehall og idrettshall 100 meter frå skulen.

Fleire kunstgrasbaner i nærområdet.

Stort alpinanlegg og mange langrennsløyper 10 minutt unna.

Skatepark like ved skule.

Golfbane

Sagastad der ein av verdas største vikingskip er under rekonstruksjon!

Om sommaren kan du oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff Rockfestival.

s53a.jpg

Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og butikkane ligg berre fem minutt i gangavstand frå skulen;

Kjøpesenter Amfi.

Eidsgata med sin vakre arkitektur, koselege kaféar og unike butikkar.

I Sagaparken finner du badestrand, grillplass, sandvolleyball og meir.

Sjå meir om kva Eid har å by på her

Sidan Nordfjordeid ligg sentralt plassert i Nordfjord, med sju andre tettstadar rundt seg, har du kort veg til mykje av det beste vestlandet har å by på.

Nordfjordeid i 360 graders rundtur.

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste. «Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Norge ved Stad ligg Nordfjord, med spektakulære fjell og dalar, bølgande jordbruksbygder og dramatisk kystlandskap. Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar.  Les meir om Nordfjord her: https://www.nordfjord.no

Korleis komme deg hit

Det er enkelt å reise til Nordfjordeid. Det er fleire bussavgangar dagleg til/frå Bergen, Oslo og Trondheim. Du kan også ta fly til/frå Sandane flyplass som ligg omlag 30 minutt frå skulen, eller Ørsta/Volda flyplass som er rundt 60 minutt unna skulen.  I tillegg er det mogleg å ta båt frå Måløy til Bergen. 

Nordfjordeid 
4 mil til Volda
5 mil til Stryn
6 mil til Måløy
8 mil til Hoddevik  
10 mil til Førde
11 mil til Ålesund
30 mil til Bergen
40 mil til Trondheim
45 mil til Oslo

Ferge  Anda - Lote   Volda - Folkestad
Buss fra Eid til;  Bergen Førde Volda Ålesund Trondheim Oslo 
Båt til Bergen  Buss Hurtigbåt  Hurtigruten 

Fly med Widerø fra Sanda Ørsta/Volda.
Fly fra Vigra   Buss fra Eid til Ålesund; Flybuss til Vigra.