Reglement 

Grunnreglar for Fjordane Folkehøgskule

  

1.        Undervising og arrangement som er ein del av skulen si normale verksemd,

er obligatorisk.

 

2.        Det skal være ro på skulen sitt område etter kl. 23.00.

 

3.        Det er ikkje høve til å nytte eller oppbevare alkohol på eller rundt skulen sitt område.

Oppbevaring, bruk eller handtering av narkotiske stoff er ikkje foreinleg med det å

vere elev ved Fjordane folkehøgskule.

 

4.        Vi ventar at elevane oppfører seg – også i skulen sitt nærområde – på ein måte som

verken skjemmer ut eleven sjølv eller gjev skulen dårleg omtale.

Brot på ein eller fleire av skulen sine grunnreglar kan føre til at eleven misser skuleplassen sin

På grunn av omsyn til medelevar og godt inne- og utemiljø på paviljongane, ønsker vi at

du kun røyker i tilvist røykekrok.

IMG_6929.jpg