Slik bur elevane

Dei fleste elevane bur saman to og to på rommet. Dette er ein super måte å bli kjend med seg sjølv på, samstundes som du finn ut korleis du fungerer tett på eit anna menneske. Truleg får du ein venn for livet!

 
 

Bumiljøet på Fjordane er utprega intimt. Her bur elevane i småhus, paviljongar med plass til ti elevar, og det er ei positiv utfordring for dei fleste. Fordelen med å bu på paviljong samanlikna med vanlege internat, er at du lettare kan få den gode kjensla av ein heim. I staden for å bu på eit rom i ein lang gang, får du eit mykje meir intimt miljø, og ei sterkare kjensle av samhald og det å høyre til ein plass. Dei du bur saman med blir din eigen, vesle familie dette skuleåret! Det stiller sjølvsagt krav til at du må ta i eit tak saman med dei du deler paviljong med, noko som er ein viktig lærdom i forhold til samarbeid og toleranse.

Internatet på Fjordane folkehøgskule har plass til 102 elevar fordelt på 11 frittståande småhus. 9 av husa har 4 dobbeltrom og 2 enkeltrom, alle med eigen vask. Dei andre 2 har ein litt anna inndeling. Midt i huset (paviljongen) er det opphaldsrom med kjøkkenkrok og separat bad med dusj og toalett som er felles for dei som bur der. Kjøkkenkroken har kjøleskap, kokeplater og vask. Det flotte med å bu i ein paviljong ilag med 9 andre elevar er at det blir eit heilt eige fellesskap som er vanskelig å skildre, men som berre må opplevast!

Dersom du ønsker å lage litt mat på paviljongen er det lurt å ta med panner, bestikk, tallerkar og glas.

Brukar du rullestol, er ein av paviljongane lagt til rette for rullestolbrukarar.