Fellestur til Sri Lanka

IMG_2651ny.jpg

Fellesturen vår går til Sri Lanka i slutten av januar. Dersom du har lyst på ein eksotisk tur, med opplevingar utanom dei vanlege turistreisemåla, anbefaler vi deg å nytte deg av denne moglegheita. Dette er ein variert og innhaldsrik tur, som er spekka med høgdepunkt frå start til slutt!

Spennande og samansett


Her får du oppleve kultur, besøke ein barneheim, sjå og smake på te som landet produserer, safari i jungelen, elefantar og andre eksotiske dyr, tempel, tuk-tuk, varmt og deilig klima, tropiske frukter, sterk og spennande mat, rafting, togreise i vakre omgjevnader, fjelltur med majestetisk utsikt, vi besøker fleire stadar som står på UNESCO si verdsarvliste og vakre strender, for å nemne noko. Sri Lanka var ramma av krig i 30 år, og det er berre 10 år sidan det vart fred i landet. No er det eit fredelig land, og innbyggarane er imøtekommande og vennlege.

Oppleve saman


Vi har eigen buss med ein lokal guide, som følger oss heile turen. Dette gjer at vi får forflytta oss over større delar av landet, og får moglegheita til å sjå og oppleve mykje. Noko med det unike ved ein slik tur, er at du får oppleve alt dette i lag med medelevane dine, som også blir nokre av dine beste venner dette året.

IMG_20190131_171219.jpg

Gje noko tilbake

Barneheimsbesøket er eit viktig høgdepunkt på turen. Her får vi treffe barn som må klare seg med veldig lite, og som setter stor pris på at vi kjem. Vi lagar ein aktivitetsdag for dei, og dette fin plattform for dei gode møta mellom menneske. Det er ei god kjensle å kunne gje noko til nokon som treng det og set pris på det.

Vakre strender og surf

Sri Lanka har ein vakker og frodig natur, med nokre perler av nokre strender! Det er deilige sandstrender, med nydeleg badetemperatur i havet. Dersom du er nysgjerrig på å surfe, kan Sri Lanka freiste med nokre fantastiske surfeplassar.

IMG_5311.JPG

Bli med oss på tur for å få den komplette reiseopplevinga! 

Folkehøgskulereisene er ei danningsreise. Når ein møter andre kulturar lærer ein både noko om seg sjølv og den kulturen ein kjem til.

Det er valfritt om du vil bli med på turen, og dersom du vel å ikkje vere med får du undervisning på linja di heime på skulen. Turen kostar omlag 20 000 kr, inkludert reisa, tre måltid for dag og opphald på hotell av høg kvalitet. Alle aktivitetane som er satt opp på reiseruta er også inkludert, så her får du mykje for pengane!

Fleire fakta om Sri Lanka finn du her på Wikipedia.

Sjå film frå fjorårets tur til Sri Lanka nedanfor.

 
 


fellesturGasta Design