Verdigrunnlag og mål

Verdigrunnlag

Fjordane Folkehøgskule er ein frilynd skule knytt til Norsk Folkehøgskulelag og Informasjonskontoret for folkehøgskular.

Skulen søkjer å vere ein formidlar av Grundtvigske verdiar. Vi trur på samtalen som den viktigaste reiskapen til samhandling og forståing og vektlegg spesielt at skulen skal vere ein del av lokalsamfunnet.

Framsidebilde+livsstilsendring.jpg

Overordna målsetjing

Elevane står i eit totalt læringsmiljø som er kjenneteikna av eit møte med fagstoffet, den sosiale fellesskapen og gjennom den einskilde sitt møte med seg sjølv.

Skulen har eit tilrettelagt program for elevane sin faglege framgang, sosiale utvikling og personlege vekst. Dette kjem til uttrykk gjennom skulen sitt hovudmål, som er fagleg utvikling, trening i fellesskap, samarbeid, kreativitet, ansvar, toleranse, respekt og kommunikasjon. Hovudmålet er også delt inn i konkrete målsetjingar.

Målsetjingar

Gjennom fagleg breidde fremme allmenndanning, engasjement og verdiar gjennom

•  undervisning som er aktuell og livsnær

• å vere eit kulturelt senter i lokalsamfunnet

Formidle sitt idégrunnlag/verdigrunnlag gjennom

• undervisning, morgonsamlingar, samtalegrupper, dagleglivet og møter med einskilde menneske

 

Legge til rette for personleg vekst og utvikling

• ved å møte den einskilde eleven med respekt for dei føresetnadene ho eller han har

 

Utfordre elevane til å ta ansvar for eige liv, medmenneske og livsmiljø gjennom

• utfordring til aktiv deltaking i miljøskapande arbeid

• solidaritetsarbeid

 

Skulen verdset ideen om fridom under ansvar, og vil gje elevane høve til å vere aktive og skapande, samstundes som dei må utføre dei pliktene dei vert pålagde og lære seg å vise respekt og toleranse for andre sitt syn og interesser.