Personvern

Sist oppdatert: 21. mars 2024.

Ved Fjordane folkehøgskule tek vi personvern på alvor. Det er derfor viktig for oss at du veit kva slags opplysningar vi innhentar og korleis vi tek vare på ditt personvern.  

Personopplysningar er informasjon som kan identifisere deg som person, for eksempel ei e-postadresse, gateadresse, telefonnummer eller ein kombinasjon av desse som gjer det mogleg å anslå kven som befinn seg bak dataen.  

Fjordane folkehøgskule er forplikta til å behandle personopplysningar frå søkjarar og elevar på ein forsvarleg måte. All behandling av personopplysningar regulerast av personopplysningslova og EUs forordning for Personvern (GDPR) som omfattar innsamling, registrering, utlevering, samanstilling, lagring og utlevering, eller ein kombinasjon av desse. ​Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte brukaren av www.fjordane.fhs.no, med mindre noko anna er spesifisert.

Kva slags personopplysningar behandlar vi?  

Vi lagrar følgande personopplysningar om våre elevar:  

  • Namn 

  • Adresse 

  • Telefonnummer 

  • E-postadresse 

  • Fødselsnummer 

  • Kontonummer 

  • Statsborgarskap 

  • Kjønn 

  • Linjeval 

  • Opplysningar om fråvær 

  • Ev. særskilde opplysningar om helse 

Kva er formålet med å handtere og lagre personopplysningar?  

Vi brukar personopplysningane for å administrere søknaden din, samt gjennomføre våre forpliktingar og gje undervisingstilbodet etter avtale med deg. Vi brukar òg opplysingane for å gje deg informasjon om blant anna arrangement og jubileum som skulen held.  

Kven kan få tilgang til personopplysningane dine? 

For å behandle søknaden din må Fjordane folkehøgskule sine tilsette ha tilgang til personopplysningane dine. I slike tilfelle vil det kun bli gitt tilgang etter behov og etter dei formåla som er beskreve, og alle tilsette ved Fjordane folkehøgskule er bundne av tausheitsplikta.   

Vi vil ikkje dele, selje, overføre eller på anna måte utlevere personopplysningar til andre, med mindre vi er rettsleg forplikta til det.

 
 

Lagring og sletting av personopplysingane 

Fjordane folkehøgskule beskyttar personopplysningane dine i samsvar med EUs personverndirektiv og norsk lov. Opplysningar vi har mottatt i samband med søknaden din blir lagra i vårt elevregister (WisWeb).

Opplysningar vi etter bokføringslova er forplikta til å bevare blir lagra i inntil 5 år, jamfør lova sitt krav. 

Dine rettigheiter til innsyn, endring eller sletting av personopplysningar 

Du har til ei kvar tid rett til å be om innsyn i personopplysningane vi har registrert om deg, samt krevje retting eller sletting av opplysningane dersom dei er feilaktige, ufullstendige eller irrelevante. Dersom du meinar vi behandlar personopplysningane dine på ein urettferdig eller ulovleg måte, kan du klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om Datatilsynet og deira klageprosedyre her

Kontaktinformasjon 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer informasjon om kva opplysningar Fjordane folkehøgskule har registrert om deg, samt retting eller sletting, kan du kontakte oss på rektor@fjordane.fhs.no.

Informasjonskapslar og cookies 

Sjå våre retningslinjer for informasjonskapslar om du ynskjer å lese meir om korleis vi brukar det.