Praktisk informasjon

Du har heilt sikkert mange spørsmål om skulen, om valfag, om turar, om Lånekassen, om elevinternatet, om betaling, om utstyr og sikkert mykje meir. Du finn svar på det meste på nettstaden vår, men vi hjelper deg gjerne litt på vegen! Difor har vi samla litt lenker som vi trur er nyttige.

På kvar linjeside er det også lenke til ei praktisk informasjonsside for linja di.

Har du lyst å søke, men ikkje gjort det enno?

Det er enkelt å søke og heilt uforpliktande! Her kan du lese meir om søknadsprosessen.

Lærarane

Fjordane har høgt utdanna lærarar med lang og allsidig erfaring frå inn- og utland. Dei er klare til å gi deg den aller beste undervisinga!

Alle andre som jobbar på Fjordane gjer også sitt ytterste for at du skal trivast, ete god mat og føle deg som heime!

Her finn du oversikt over alle som jobbar på skulen.

Pakkelister

Nokre ting du ha med, andre ting kan du ha med. Pakkelistene er nyttige når du ikkje heilt veit kva du treng å pakke med deg i kofferten!
- Pakkelista for ALLE
- Pakkelista for Hestelinjene
- Pakkelista for Bu og fritid
- Utstyrsliste for Vikingliv
- Utstyrsliste for Kunstlinja

Internatet

Internatet på Fjordane er små hus der 10 og 10 elevar bur saman som ein liten familie. Alle paviljongane har fire doble og to enkle rom. I tillegg er det bad med dusj og toalett og eit fellesrom i midten av huset med ein liten kjøkkenkrok - og stor sofa!

- Meir om internatet ved Fjordane

Skuledagen

Skuledagen startar med morgonsamling kl 8.30. Deretter er det undervisning på linja eller valfag resten av dagen. Kl 12.00 er det lunsj, kl 15.45 er det middag, og kl 19.45 er det kveldsmat. Stort sett. Når det ikkje er undervisning er du velkomen til å jobbe for deg sjølv, eller saman med andre, du kan trene, gå ein tur eller berre slappe av. Alle rom er opne frå 7.00 om morgonen til 23.00 om kvelden.

- Timeplan og skulerute
- Rom og fasilitetar

Fellesfag og valfag

Fellesfag er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. I løpet av skuleåret dreg vi på ulike turar, og vi har for eksempel elev-/temakveldar som Halloween og Kokkekamp.
- Les meir om fellesfaga på Fjordane.

Alle linjefaga på Fjordane kan veljast som valfag! I tillegg har vi mange andre valfag. Kva valfag du skal ha, bestemmer du når skulen har starta om hausten.

- Meir om valfaga på Fjordane

Turar på skulen

Med jamne mellomrom dreg du på tur - anten med linja eller med heile skulen. Kvar linje dreg også på ein utanlandstur i løpet av skuleåret. Gle deg!

- Meir om turane på Fjordane
- Berekraft på Fjordane

Maten på Fjordane

Maten på Fjordane er sunn, næringsrik - og kjempegod! Du får servert fire måltid om dagen som sjølvsagt er inkludert i skuleprisen.

Om du har cøliaki, er laktoseintolerant, er veganar, vegetarianar, eller pescatarianar har vi alltid eit alternativ til deg - utan ekstra kostnad.

Snakk med oss på førehand, så legg vi til rette så godt vi kan!

Nordfjordeid

Fjordane folkehøgskule ligg rett ovanfor sentrum av Nordfjordeid. Midt i alt og kort veg til både butikken og naturen!

- Nordfjordeid
- Reisa til Fjordane
- Last ned kart over Nordfjordeid og Nordfjord (pdf)