Fellesfag

17419746154597315464.JPG

Fel­les­fa­ga er ein vik­tig arena for å møtast på tvers av linjene

Fellesfaga er ein viktig arena for å møtast på tvers av linjene. Dette er fag alle elevane har saman, og som både utfordrar og engasjerer. Danning er eit sentralt omgrep i folkehøgskulen og handlar om menneske si utvikling av personen, evner, kulturell forståing, innsikt og moral. Fjordane har fokus på berekraft og å nytte seg av det flotte nærområdet vårt. Her er noko av alt det kjekke du får vere med på:

Jul i Stallen

Vi har eit felles prosjektarbeid som munnar ut i julemarknaden Jul i Stallen. Heile Nordfjord er invitert til vår familievennlege julemarknad, der vi byr på mange fine førjulsaktivitetar. Vi lagar show, har barneriding, smådyrhjørne, sirkus- og vikingleikar, sal av handlaga produkt, kiosk og mykje meir. Overskotet blir delt mellom eit veldedig prosjekt og innkjøp på skulen som kjem elevane til gode. Sjå meir om “Jul i Stallen” her.

Kor og dans

Vi har ei veke i året der vi syng og dansar i tillegg til dei vanlege linjefaga. Gjennom året jobbar vi vidare med utvalde songar til skuleavslutninga.

Seminar

Vi leiger inn eksterne føredragshaldarar som tek opp viktige og interessante emne. T.d. Fairtrade, Rockens historie, Fremtiden i våre hender og seminar i forkant av TV-aksjonen som vi er med på kvart år. I tillegg til dette får de vere med teater og operaførestillingar i løpet av skuleåret.

Matauk og berekraft

På Fjordane har vi fokus på å tenke berekraftig, og på å vere medvitne på klimaavtrykka vi etterlet. Vi har ulike aktivitetar, seminar og temadagar for å lære meir om dette. Nordfjordregionen har mykje godt å by på, og vi haustar frå naturen rundt oss, og lagar mat og drikke av det. Døme på dette kan vere epleplukking, der vi pressar epla til vår eigen eplemost. Kjempegodt, kortreist og berekraftig.

Stipendiataktivitetar

Stipendiatane er tidlegare elvar som jobbar som miljøarbeidarar. Frivillig tilbod utover kveldane og i helgane held dei på med aktivitetar som leikar, spelkveldar, quiz, filmkveldar m.m.

Juleverkstad

På tvers av linene kan du velge mellom ei rekke førsjulsaktivitetar. Pynting av juletre, kakebaking, gløgg og julemusikk er med på å sette deg i den rette førjulsstemninga.

Elevkveldar

Omlag ein kveld i månaden arrangerer elevane elevkveld der dei sjølve er ansvarlege for middag, dessert og underhaldning. Ofte vel ein eit tema for kvelden. Dømer på elevkveldar er kokkekamp, bryllaup og halloween.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hest - 2. året