Hest - 2. året

Springbrett til vidare hesteutdanning

Mange av elevane som går på hestelinjene våre har lyst å gå vidare på ei utdanning med hest. Vi ser at nesten kvart år søkjer ein eller fleire av elevane våre på ridelærarutdanninga på Starum. Ein stor del av dei kjem gjennom nålauget på opptaksprøva, og fortsett på vegen innanfor hestefaget.

Fjordane har vist seg å vere ein fin plass å opparbeide meir kunnskap om hest, og du blir godt rusta enten du vil satse på å bli hovslagar, ride- eller køyrelærar, eller eit anna yrke innanfor hestefaget.

Sigrid er ein av elevane våre som har valt å satse vidare på hest etter to år på hestelinjene våre. Du kan lese meir om ho og ridelærerutdanninga her.

Fordjuping i hestefaget

Drøymer du om ein jobb med hest eller vil du utvikle deg vidare innanfor hestesporten? Andreårslinja vår er tilpassa deg som vil meir!
Linja er for deg som har gått 1.års hestelinja ved Fjordane eller har tilsvarande bakgrunn. Har du fagbrev eller annan dokumentert kompetanse kan du også søke 2.året.

Du får ein variert timeplan med mykje praktisk arbeid, som er med på å utvikle dine ferdigheiter og gjev deg mange nye erfaringer og mer kunnskap om hest og hestehald. I teorifaga blir det praktiske overført til det teoretiske for å maksimere læringsutbyttet.

Vi har to kjekke inspirasjonsturar til utlandet, der hest sjølvsagt er hovudingrediensen! Alle elevane på hestelinjene er med til Dansk varmblod si hingstekåring i Danmark, den turen kan du lese meir om her. I tillegg kan du velge å bli med til Portugal, der du få ri på godt utdanna lusitanohestar.

Du og hesten din er i fokus

På 2.året er det et lagt opp til at du skal lære meir om det du interesserer deg for. I løpet av veka er det riding på timeplanen kvar dag. Du kan sjølv få vere med på å bestemme kva de skal gjere på ridetimane. Oftast er det lagt opp til 4 timar dressur og 1 time sprang, men det er fullt mogelg å endre dette til meir sprang, bomarbeid, turridning, og naturridebane for å nemne noko.

I tillegg til ein variert skuledag, med mykje arbeid som har fokus på utvikling av deg og hesten din, vil du også få vere med på mange fine fellesopplevingar med hest. Saman med heile hestelinja på skulen vil du få være med på kjekke aktivitetar som felles rideturar, agility med hestane, laushopping, snørekjøring på vinteren og ikkje minst så avsluttar vi skuleåret med eit stort hesteshow som du og hesten din får vere med på.

Faga

Klikk på faget og les meir.

Dressurriding

I dressur jobbar vi med øvelsar frå LB til MB dressur. Vi er opptatt av at hesten jobbar i riktig form, er rett i kroppen og at du sit korrekt på hesten. Sjenkelvikningar, versader og bakdelsvendingar er eksempel på øvingar vi jobbar med i dressurtreninga. Dette vil vere til hjelp for deg som rytter ved koordinasjon og korrekt bruk av hjelparane dine, samtidig som det er lausgjerande og styrkande for hesten din. Sidan vi har stort fokus på sits har vi også eigne ridetimar med sitstrening. I tillegg du kan få ri barbak på ridetimane, noko som trener både balansen og sitsen din. Du vil også få prøve deg på ridning med halsring, hvor samspill mellom deg og hesten blir viktig for å kunne mestre dette.

Sprangriding

På sprangtimane får du prøve deg på ulike baner og oppgåver som krev samspel mellom deg og hesten din, og som legg grunnlag for at dokke skal kunne gjennomføre sprangbaner på ønska nivå. Vi ønsker å utvikle rideferdigheitene dine også i sprang. Med stor variasjon i oppgåvene på sprangtimane får du trent på blant anna hinderforståelse, telling av steg og takseringsevne (å sjå avsatspunkt). Hesten din skal også utvikle seg, og her ser vi på ting som galoppkvalitet, sprangpotensiale og sprangteknikk. Ein populær øvelse blant elevane er gymnastikkhopping. Her trenar vi både sits og balanse hos rytteren, og hesten får trent styrke, kondisjon og frambeinsteknikk. På våren vil du og hesten din få prøve feltritt. Då vil du, saman med medelevar, få ansvar for å lage eit feltrittshinder.

Prosjektfag

I posjekt ønsjker vi å gje elevane undervisning i det dei ønskjer å lære meir om. Du vil få ei innføring i innriding og innkøyring, og arbeid med unghestar. Ønskjer du å fordjupe deg meir innanfor dette ser vi på muogleghietene for at de i mindre grupper kan ha ein prosjekthest saman. Når ein har ein prosjekthest skal målet være å køyre den inn og/eller ri den inn. Samtidig har de ansvar for hesten i det daglege stellet og trening forøvrig. Tidlegare har elevar også hatt ansvar for å trene opp hest etter skade, samt trene opp hest etter kastrering. Trening av skulehestar som treng ekstra trim kan også vere ein del av timeplanen i prosjektfag. Vil du vidare og bli ein flink rytter, er det å ri mest mogleg, og helst på ulike hestar, eit absolutt «must». Fleire ting som kan inngå i faget Prosjekt: Skap tillit og samspel med hesten din gjennom natural horsemanship. Utfordre deg saman med hesten din i agility, der de blant anna skal gå over smale bruer, gjennom tunnelar og bli trygg på presenningar. Om du ønsker å stille hesten din på utstilling, er det i prosjekt vi viser og lærer deg korleis du kan mønstre, og stille opp hesten din for dommar og veterinær

Beslag

Du får undervisning i beslag, der målet er at du skal lære å sko din eigen hest. I dette faget lærer du grunnleggande ting som hovens anatomi, ta av sko, håndtere og bruke hovslagerutstyr, og du får slå på nye sko. Å smi er ein del av hovslagerfaget, og difor også ein del av beslagtimane hos oss.

Teorifag

Teorifaga legg opp til at du kan få lære om, og prøve deg på, ulike emner som omhandlar hest. Blant disse emnene har vi for eksempel:

Dømming i dressur – både teori og praksis. Dersom du vil prøve deg som dressurdommar, kan du få moglegheit til å dømme lavaste klasse på stevner som blir arrangert av skulen. Om du har lyst til å gå vidare til ridelærarutdanninga har vi både teori og praksis knytta til dette, nemleg planlegging og gjennomføring av undervisningsopplegg. Sjå for deg din eigen stall, tegne og designe denne. Kor høgt må det vere til taket? Kor store må boksane vere? Dette er ein morosam og spennande måte å lere meir om lover og forskrifter som er knytt opp mot stallbygg. Har du ein liten draum om å drive din eigen stall? I teorifaget vil du lære meir om stalldrift og kva som er viktig å tenke på.

Køyring

I køyringa er det meir spissa mot konkurranse for dei ekvipasjane som ønsker det, samtidig som det er meir variasjon i kva du får testa i til dømes terreng og på tur. Køyreundervisninga foregår på grusbane som måler 40x80m. Her blir det trent mest dressur og presisjon. Du vil få køyre ein del på tur også, og her får du prøve deg på maratoninspirert køyring i naturen sine eigenkomponerte hinder.

Ryttertrening

Kom i bedre form! Ein time i veka har du ryttertrening. I desse timane trener vi styrke og kondisjon. I tillegg har vi stretching som ein del av programmet. Som rytter er du å rekne som ein idrettsutøver, og det krev derfor også trening og fokus på eigen kropp og helse slik at du dannar eit godt grunnlag for å bli ein enda betre rytter. Treninga har fokus på å styrke de store muskelgruppene, som aktiveres gjennom sitsen vår i riding. Kondisjonstreninga hjelp oss med uthaldenheita, og stretchingen er godt for å tøye musklar og sener som blir støle og korte gjennom spenningar vi pådrar oss både på og av hesteryggen. Vi legg opp til at ryttertreninga skal være trening som er morsomt og sosialt, samtidig som vi pushar oss selv til å bli sterkare, smidigare og i bedre form.

Praktisk informasjon


All linjefagsundervisning går for det meste føre seg på Norsk Fjordhestsenter. Vi nyttar oss også av nærområdet rundt senteret, og vi har ein veldig fin ridesti som er svært populær både blant elevene på skulen og dei lokale rytterane.

Når du skal gå 2.året er det et krav om at du må ha med eigen hest. Den kan stå oppstalla på Norsk Fjordhestsenter eller på Stall Os. Vi har ingen krav til hesten anna enn at det er ein fordel at den kan skritte, trave og galoppere, og også gjerne ha litt kjennskap til bommerarbeid og hinder. Vi tilpassar undervisninga etter både deg og hesten sitt nivå.

I køyreundervisninga brukar vi skulehestar, men det er også fullt mogleg å bruke eigen hest til dette. Du kan låne vogn og sele av skulen om du manglar dette utstyret.
Sjølv om du har eigen hest, er du som elev ved skulen vår, forplikta til å følge reglar som omhandlar sikkerheit og sikkerheitsutstyr. Les meir om våre sikkerheitsrutiner på hestelinjene her.

Konkurrere på stevner

Fjordane har eit godt samarbeid med den lokale rideklubben her på Eid, som gir deg muligheten til å vere med på å arrangere og gjennomføre stevner.

Gjennom skuleåret blir det arrangert fleire stevner der du kan delta, men også vere med å arrangere.
Du får då eit innblikk i dei ulike arbeidsoppgåvene som krevst for å kunne gjennomføre et stevne. Stevneleiar, skrivar for dommar, protokollberar, portopnar, steward, sekretariat, banemannskap, premieansvarlig og kioskansvarlig er alle oppgåver du kan få erfaring med gjennom stevnene som blir arrangert på Fjordane i løpet av skuleåret. Det er gode erfaringar å ta med seg vidare om du ønskjer å vere aktiv innanfor hest og konkurranse.

Stell og stalltjeneste - hestefaget er meir enn berre riding, difor er det naturleg at vi tek del i den daglige stalldrifta.

Ein laurdag kvar månad er sett av til linjefag. På desse dagane er vi innom mange forskjellege tema, slik som blant anna laushopping, snørekøyring, langtur, agility med hest og mykje meir. Eller vi rir på ein flott tur til seters.

Spørsmål 2.året? 
Bruk kontaktskjema eller ring oss på 57889880.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bu og fritid

Neste
Neste

Fellesfag