Portugal - Hestelinjer

IMG_1349 (1).JPG

Drøymer du om å sitte på ein flott Lusitano som dansar avgårde i ein perfekt passage? Vi reiser til ein førsteklasses rideskule i Portugal. Her får du moglegheita til å prøve på alt i frå dressuren si grunnriding til dei meir avanserte passager og piaff. Uansett kva nivå du er på, vil kombinasjonane av desse vakre, høgt utdanna hestane, og den høge kvaliteten på undervisninga gjere at du utviklar dressurkunnskapane dine.

Ri på vakre og dyktige hestar

Ridesenteret er praktisk bygd slik at det er kort avstand frå rommet ditt til stallane, matsalen og til arenaen både innandørs og utandørs. Det er også eit uteområde med soloppvarma svømmebasseng med solsenger som er opent heile året. Dersom du syns at sola er for stert, er der områder med skygge. Sidan det ligg i nærleiken av kysten vil det sjeldan bli for varmt, sjølv i dei varmaste månedane juli og august.

Du bur på ridesenteret og delar rom med 2-4 venner. Romma er enkle, men reine og komfortable. Kvart rom har eige bad og enkeltsenger.

Til måltida serverar dei deilig tradisjonell portugisisk mat.

 

Fjordane-Sintra.JPG

Opplev spennande Lisboa

Vi skal også nyte nokre dagar i Lisboa som er hovudstad i Portugal. Her kan du oppleve ein by som er ein av dei eldste i Europa. Lisboa er karakteristisk med bratte bakkar, der det også går trikkar som ein kan følgje. Hostellet vi bur på er ei vakker bygning som tidlegare var den sveitsiske ambassaden.

I Lisboa kan du besøke den lange stranda og bydelen Alfama langs vatnet som deler Lisboa i to, med storbyen Almada på andre sida av brua. Det er mykje å oppleve i Lisboa.

Vi kan ta ein tur på det gamle slottet Castelo de Sao Jorge, eller vandre i gatene i den eldre bydelen Belem. Er vi der på riktig dag i veka har vi også moglegheita til å ta ein tur på Thieves Market, ein stor kjent loppemarknad.

Forrige
Forrige

Danmark - Hestelinjer

Neste
Neste

Spania - Bu og fritid