Konfirmasjon, dåp og bryllaup
Vi dekker opp matsalen med kvite dukar og det finaste dekketøyet vårt, og gjer peisestova klar til hyggjeleg samvær. Dei flinke kokkane våre sørger for nydeleg selskapsmiddag!
Skal du arrangere konfirmasjon, jubileum, minnestund eller eit anna hyggeleg lag? På Fjordane folkehøgskule tilbyr vi lyse og romslege lokale med plass til inntil 90 gjestar til middag. Her får du ei lun og uformell ramme med god mat, kvite dukar på borda og ei varm atmosfære – midt mellom fjord og fjell.
Heimelaga mat – frå tradisjon til streetfood
All maten vi serverer er laga frå botnen av på vårt eige kjøkken. Kjøkkenet vårt har debio-godkjenning i bronse. Det vil seie at minst 15 % av serveringa er økologisk. Kokkane våre strekker seg langt for å handle lokale og sesongbaserte råvarer. Vi tilbyr to- eller trerettars meny, og du kan setje saman rettane slik det passar for ditt selskap.
Enten du ønskjer norsk tradisjonsmat, eller noko meir inspirert av asiatiske smakar, streetfood eller grill – vi får til det meste! Vi tilpassar gjerne menyen etter dine ønskje og behov. Har du allergiar eller andre omsyn, tek vi sjølvsagt høgde for det – berre gi oss beskjed i god tid.
Selskap, matglede og god stemning på Fjordane
👩🍳 Kjøkkenteamet vårt
Khang
Khang er vår nyaste kokk og kjøkkenleiar, med erfaring frå restaurantar i Bergen, Paris og Amsterdam. Han har ein forkjærleik for streetfood, grill og smakar frå heile verda, og tryllar gjerne fram noko litt utanom det vanlege – men alltid med god smak i fokus.
Anna-Rita
Med snart 30 år på kjøkkenet vårt kjenner Anna-Rita både grytene og gjestane våre. Ho lagar mat med hjarte – ofte inspirert av norske mattradisjonar – og sørgjer for lune og velsmakande måltid som passar for store og små anledningar.
Synnøve
Synnøve er ein stødig kokk med god oversikt på både middag og dessert. Ho har eit ekstra godt auge for det søte, og sørgjer for at det som kjem på bordet – anten det er middag, kake eller dessert – held høg kvalitet. Det er ikkje alltid ho som står for kakene, men vi har alltid ein god baktropp på laget!
Dette tilbyr vi:
Matsal og peisestove med plass til inntil 90 personar
Dekka bord med kvite dukar, serviettar, dekketøy, lysestakar og enkel blomedekor
To- eller trerettars meny – tradisjonell eller meir moderne
Moglegheit for å ta med eigne kaker og pynt
Leige av lokale heile dagen (og over fleire dagar ved behov)
Har du spørsmål, eller ønskjer du å bestille?
Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne med å lage rammene rundt ei minneverdig samling.