Nordfjordeid 

 
I teksten om Nordfjordeid.jpeg

Bygdeby med sjel

Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjent for eit rikt idretts- og kulturliv. Skulen ligg i gangavstand til alt du ønsker å få med deg:

Operahuset Nordfjord med konsertsal, kino, bibliotek og vidaregåande skule.

Beachvolley og sandstrand i Sagaparken, midt i sentrum.

Svømmehall og idrettshall 100 meter frå skulen.

Fleire kunstgrasbaner i nærområdet.

Stort alpinanlegg og mange langrennsløyper 10 minutt unna.

Skatepark like ved skulen.

Golfbane

Sagastad - Vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida, med ein kopi av eitt av dei største vikingskipa i verda: Myklebustskipet

Om sommaren kan du oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff Rockfestival.

s53a.jpg

Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og butikkane ligg berre fem minutt i gangavstand frå skulen:

Kjøpesenteret Alti Nordfjord

Eidsgata med sin vakre arkitektur, koselege kaféar og unike butikkar.

I Sagaparken finner du badestrand, grillplass, sandvolleyball og meir.

Nordfjordeid ligg midt i Stad kommune. Bli kjend med alle hjartestadane i kommuna vår!

Alt i ein fjord!

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste. Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Norge ved Stad ligg Nordfjord, med spektakulære fjell og dalar, bølgande jordbruksbygder og dramatisk kystlandskap. Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar. Nordfjordeid ligg midt i dette! 

Nordfjordeid i 360 graders rundtur.

Reisa til Nordfjordeid

Det er enkelt å kome seg til Nordfjordeid. Det er fleire bussavgangar dagleg til/frå Bergen, Oslo og Trondheim. Du kan også ta fly til/frå Sandane flyplass som ligg omlag 30 minutt frå skulen, eller Ørsta/Volda flyplass som er rundt 60 minutt unna skulen.  I tillegg er det mogleg å ta båt frå Måløy til Bergen.