Om skulen

Folkehøgskule med mykje linjefag, men også med mange gode fellesopplevingar

krokepollen.jpg

På Fjordane folkehøgskule legg vi vekt på å holde eit høgt fagleg nivå, og vi har yrkesaktive og engasjerte lærarar. Fjordane er ein av skulane som gjev deg mest av det du likar best, ved at du får undervisning på linja fem dagar i veka. Vi jobbar også like mykje med å gje deg gode fellesopplevingar gjennom internatlivet, fellesprosjekt på tvers av linjene, fellesturar både lokalt og internasjonalt, kjekke elevkveldar og ikkje minst dei uforpliktande møta i peistova/matsalen og på avdelingane utanom undervisninga. Det er gjennom fagleg og personleg utvikling i eit sosialt fellesskap at magien på ein folkehøgskule skjer.

"UTVIKLING, GLEDE OG VENNSKAP"

Fjordane folkehøgskule er ein inkluderande skule med eit eineståande fellesskap av ungdom frå alle dei spennande linjene våre.

Vi er ein frilynt skule som har plass til 102 elevar. Vi som jobbar her er privilegerte som får møte ungdom som brenn for dei same fagområda som oss. Vi vil utfordre deg til å strekke deg litt lenger, prøve nye ting og få nye erfaringar. Då ligg alt til rette for fagleg og personleg utvikling. Du vil kjenne glede og meistringsfølelse over fagleg og personleg framgang, og du får oppleve alt dette i eit inkluderande fellesskap som gjev deg venner. Fjordane folkehøgskule har ei unik linjesamansetning, med veldig ulike linjer som alle har sitt særpreg og ei form for lokal forankring. Dette gjer at du får sjansen til å bli kjent med mange forskjellige typar folk. Det er spennande å både få vere saman med folk som deler dine interesser, og kan vidareutvikle dei ilag med deg, men også å treffe personar som har heilt andre fokusområder enn det du sjølv har. Dette vil vere med på å berike kvardagen din, og utvikle deg som menneske.