Fasilitetar 

 
matsal.jpg

Matsalen

Fjordane folkehøgskule har eit særeige preg med eit hovudbygg og 9 paviljongar med plass til 10 elevar på kvar. Anlegget er arkitekttegna og er holdt i stilen.

I hovudbygget finn du matsalen, der du et frukost, middag og kvelds i lag med dei andre elevane på skulen. Du smører niste til lunsj, men kvar fredag har vi felleslunsj med både elevane og personalet. Her kan du også kose deg med ein kopp kaffi frå kaffimaskina vår eller ta deg ein kopp te.

Aulaen med stor scene

Storsalen vår kallar vi “Aulaen”. Her er plass til alle elevar og lærarar, og vi startar kvar dag med morgonsamling her. Aulaen er også klasserommet til sirkuslinja, og musikallinja brukar den store scena i si undervisning. Her er det høgt under taket, med lys- og lydanlegg og er ideelt for mykje av aktiviteten på desse linjene. Aulaen er flittig i bruk på kveldstid, både til trening, valfag og kino.

peisestua_01.jpg

Peisestova

Går du vidare til naborommet kjem du til peisestova, som er eit naturleg samlingspunkt på kveldstid. Her er det både tv, biljardbord og fleire koselege sofagrupper som blir flittig nytta til brettspel eller andre sosiale aktivitetar. Peisen blir ofte fyrt opp i helgane, og då blir det ofte peiskos med mat på bålet eller grilla marshmallows. Vi har også eit piano i peisestova, og det er alltid kjekt når nokon av elevane brukar det.

Speilsal med dansegolv

Speilsalen er stor og lys! På ein langvegg og ein kortvegg er det speil frå tak til golv, og på den andre langveggen er det ballettbarrar på heile lengda, langs vindauga. Golvet er tilpassa til dans og trening - eit såkalla sportsgolv. Speilsalen er klasserommet til musikallinja.

Treningsrom

Treningsromma, eit lite og eit stort, er godt utstyrt og du får trent dei fleste muskelgruppene her. Treningsrommet er disponibelt for alle elevar frå morgon til kveld.

IMG_7597.jpg

Klasserom

Ved sidan av treningsrommet ligg hesteklasserommet. Det blir brukt til teori for hestelinja, men er også i bruk av vikinglinja innimellom. Der står det også eit piano, som er fritt fram å øve på når klasserommet er ledig.

Vegg i vegg ligg salmakarverkstaden. Her syr både hestefolk og vikingar i lær. Det er eit rom som er mykje i bruk både dag og kveld.

DSC02440.JPG

Kino, musikk- og gamingrom

Dersom du likar å sjå på film, kan du glede deg over at vi har to kinorom. Eit lite som også blir brukt til gaming, og ein større sal med fullskala kinolerret og veldig bra lydanlegg.

I kjellaren ligg romma som blir brukte av kunstlinja. Her er det både teikne- og maleverkstad, keramikkrom og glasverkstad. Vikingane har også sitt hovudklasserom der nede. I tillegg er det ei snekkerbod, der ein kan drive med trearbeid.  På Vaskerommet kan vaske kle, det ligg også i kjellaren.