Valfag
Valfag er ei fin moglegheit til å prøve noko nytt og bli betre kjent med elevar frå andre linjer. Du har nesten 30 valfag å velje mellom – alt frå sjonglering på sirkus til barista. Valfaga er valfritt som namnet tilseier og du kan velje så mange du vil. Det betyr at du har stor friheit til å lage din eigen timeplan! Lengda på valfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og du får delta på valfag i tillegg til linje- og fellesfagtimar kvar veke. Valfaga kan variere noko frå år til år.
Du får vere med ein av kokkane og lære grunnleggande teknikkar på kjøkkenet. Du får utforske smakar frå heile verda, bli kjent med råvarene, og lære korleis du kan redusere matsvinn og trylle fram digg restemat.
-frå jord til bord! Urbant landbruk handlar om korleis ein kan bruke urbant areal til å dyrke mat. Skulen ligg i sentrum, men vi har eigen kjøkkenhage - og hausten 2023 har vi to drivhus vi skal bruke til å auke kunnskapen vår om kva som må til for å dyrke vår eigen mat.
På Fjordane kan du lære å lage dei flottaste kaffidrikkar på den ekte barista-kaffimaskina vår! Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado, Latte - med eller utan smak! Du lærer å handtere maskina og lage kaffi til medelevane dine.
Bli med ut i skogen, på fjellet, på fjorden, eller i fjæra. På ski, på sykkel, til fots, eller i båt!
Senk skuldrane og lær grunnleggande massasjeteknikkar. Valfaget blir halde av fysioterapeut Veera.
Eit fysisk valfag, der du får prøve mange forskjellige sirkusdisiplinar. Her får du mellom anna trent koordinasjon, reaksjonsevne, balanse og styrke.
Vi går 5 fjelltoppar i løpet av haust og vår. Her er det mange flotte toppar og du er med på å bestemme kvar du vil gå.
For deg med eigen hest som vil ha litt ekstra hjelp. Det er hesten som står i fokus i dette valfaget. Det kan vere innriding, innkøyring, lasting, longering, handtering fra bakken osb.
Vi spelar og trenar på teknikk, og om vêret er godt blir det sandvolleyball på ei av banene som ligg i nærområdet til skulen.
Du blir kjend med ditt eige kamera, får prøvd deg på klassiske fotoutfordringar, både framfor og bak kamera. Frå idear til bilde.
I dette valfaget får du vere med å lage ei "minnebok" for kullet ditt som alle elvane får med seg når skuleåret er slutt.
For deg som ikkje har kunst som linjefag. Her får du prøve deg i ulike kunstsjangrar som teikning, keramikk, glassarbeid og maling.
Aldri tatt i eit par pinnar før, eller er du avansert strikkeguru? Dette er timen de treffast og utfører mirakel med pinnar og garn, samtidig som det er veldig sosialt.
Du lærer bruk av sverd, øks og skjold. Våpna er blunte. Sikkerhet er i fokus under treninga.
Du og hesten din vil få ekstra trening gjennom bomarbeid, gymnastikkhopping og banehopping.
Kvalitetsfilmar som alle filmelskarar bør ha med seg. Og om skodespelarane og filmskaparane sitt handverk og stil.
Vi arrangerer klesbyttedagar, redesignar eigne kle, lagar handlenett, og set i gang berekraft-prosjekt på skulen.
Voltige er turning på hesteryggen. Vi startar på treningshesten vår “ostepop”, der du får testa mange ulike øvelsar. Voltige er ein fin måte å få jobba med balansen på hesteryggen.