Valgfag

Du har over 20 valgfag å velge mellom og du kan velge så mange du vil! Lengda på valgfaga varierar frå 1-2 timar kvar veke, og dei kan variere noko frå år til år.

Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Redesign

Gje gamle plagg nytt liv med nål, tråd og kreativitet. Her syr vi om, reparerer og lagar noko nytt av det du allereie har.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Bokklubb

I bokklubben les vi bøker og pratar saman om det vi har lese.
Eit roleg og fint avbrekk i kvardagen for deg som likar ei god bok.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Isbading/morgenbading

Start dagen friskt med eit bad i fjorden, året rundt. Her får du virkelig kickstarte kroppen!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Yoga

Kom i kontakt med både kropp og sinn med yoga. Dette er valfaget for deg som vil bli smidigare, meir avslappa og finne di indre ro. Eit godt avbrekk i kvardagen som gir deg energi.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Surfing i Hoddevika

Har du lyst å surfe i eit av Noregs surfepardis? Hoddevik er berre ein kort biltur unna oss! Enten du er nybegynnar eller erfaren, er dette plassen for å teste surfebrettet og få saltvatn i håret.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Røde Kors

Lær grunnleggande førstehjelp, søk og redning i samarbeid med Røde Kors. Du får trening i å handtere reelle situasjonar ute i felt og kan bli godkjend hjelpekorpsarbeidar.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Fysisk trening

Her er det styrketrening og HIIT-trening (High-Intensity Interval Training) i god kombinasjon. Vi køyre korte og effektive økter der du verkeleg får utfordra både kondisjon og styrke. Likar du ei rask og tøff treningsøkt er dette timen for deg

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Elevstyrte valgfag

Har du ei spesiell ferdigheit du vil dele med andre? Elevstyrte valfag betyr at du kan vere med å skape faget sjølv og la medelevane dine lære noko frå deg.

Les mer
Fjordane folkehøgskule Fjordane folkehøgskule

Band

Her får du moglegheita til å jamme med andre, spele låtar og ha det kjekt med musikk! Enten du spelar gitar, bass, piano, trommer eller syng, er det plass til deg.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Beslag

Du får prøve enkle beslag og lære om verktøy, teknikk og trygg handtering av hest.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Baking

Lær å bake alt frå brød og bollar til kaker og småbakst.
Du får prøve ulike oppskrifter og teknikkar. Og ja, du får sjølvsagt smake på alt du lagar!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Rideleiar

For deg som vil lære meir om undervisning, leiing og kommunikasjon med ryttarar på ulike nivå.
Du får innsikt i korleis ein planlegg og gjennomfører ei ridetime, og korleis du legg opp øvingar som passar for både hest og ryttar.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Bueskyting

Lær å skyte med pil og boge! Du får øve på fokus, presisjon og teknikk. 

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Funksjonell trening

Bli sterkare, raskare og meir uthaldande med funksjonell trening! Du lærer øvingar som utfordrar heile kroppen og får økter som kombinerer styrke, mobilitet og kondisjon.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Urbant landbruk

-frå jord til bord! Urbant landbruk handlar om korleis ein kan bruke urbant areal til å dyrke mat. Vi har to drivhus og ein stor kjøkkenhage som vi brukar til å auke kunnskapen vår om kva som må til for å dyrke vår eigen mat.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Barista

Lær deg kunsten bak ein god kopp kaffi og bli kjent med dei ulike kaffibønnene. Frå kaffibaren vår «Bønna» kan du lage Cappuchino, Americano, Espresso, Maccihato, Cortado og Latte utan problem!

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Massasje

Senk skuldrane og lær grunnleggande massasjeteknikkar. Valgfaget blir halde av fysioterapeut Veera.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Klatring og buldring

Lyst å klatre i ein innandørs klatrevegg like ved skulen? Her får du trene både styrke, teknikk og balanse. Målet er at du skal få brattkort – eit bevis på at du kan sikring og bruk av autobelay.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Sirkus

Test ut spennande sirkusdisiplinar som balansering, styrke, reaksjon og koordinasjon i valfag sirkus! Her kan du utfordre deg på nye måtar og bruke musklar du ikkje visste du hadde.

Les mer