Friluftsliv i samarbeid med Røde Kors

Kva gjer du når nokon skadar seg stygt i eit fall eller ikkje kjem tilbake til avtalt tid etter ein fjelltur? Her vil du lære å halde hovudet kaldt og handle riktig når sekunda tel.

Bli med
Friluftsliv, fjellturer, Vestland, Sogn og Fjordane, Norge
Friluftslivlinje i samarbeid med Røde Kord på Fjordane folkehøgskule, redning, turer, førstehjelp

Lær å redde liv og bli trygg i naturen

Med opplæring i førstehjelp, søk og redning frå Røde Kors, blir du rusta til å ta ansvar i situasjonar der det verkeleg gjeld.

Målet er at du skal bli godkjent hjelpekorpsarbeider og få verdifull kompetanse, enten du vil satse vidare innanfor helse, redning og omsorg, eller du vil vere ein person som kan stille opp når nokon treng deg.

Dette blir året der du får oppleve naturen tett på kroppen, kjenne fysisk og mental meistring, samtidig som du får knyte sterke band med dei rundt deg.

På Fjordane folkehøgskule bur du midt i den spektakulære vestlandsnaturen, og du får øve på å meistre alt frå kart og kompass til krisehandtering.

Få naturen tett på kroppen og prøv mykje forskjellig!

🏄‍♂️ Surfing i Hoddevika

Vi prøvar surfing, padling og dykking i Hoddevika, Ervik og andre fine plassar.

🏕️ Sov under stjernene

Vi overnattar i telt, snøhole, hengehøyer og under open himmel.

🧗‍♂️ Klatre der utsikta tar pusten frå deg

Vi testar høgdeskrekken i flotte utandørs buldre- og klatrefelt som «Beachen», Via Ferrata Loen og Hornelen.

🎿 Toppturar

Vi dreg på toppturar både sommar og vinter. Her får du prøve alt frå sykkel, telemark, snowboard og randonee.

🧊 Isbading, skøyting og hockey

Vi tar forfriskande bad midt på vinteren og varmar oss i ei deilig badstu eller ved bålet.

🌪️ Stormnatt ved Stadt

Vest ved havet får du kjenne på naturkreftene når vi jaktar etter haustensstormar og overnattar i Kråkenes fyr.

Dette vil du lære:

Gjennom året får du full grunnopplæring i regi av Røde Kors:

  • Startkurs for nye frivillige: Du får innføring i Røde Kors sine verdiar og arbeid.

  • Grunnleggande førstehjelp (KFØR): Du får lære deg førstehjelp, hjarte- og lungeredning (HLR), sårbehandling og spjelking, pasientundersøking og mykje meir!

  • Sambandskurs (KSAM): Du får lære deg bruk, oppsett, sambandsprosedyrer og sambands "etikette" slik at du får løyve til å bruke nødnettet og Røde Kors sitt VHF nett i søk og redning.

  • Søk og redning (kvalifisert KSOR): Du får lære deg søksteknikkar og metodar for søk etter sakna personar på barmark og i tilknyting til sjø.

Folkehøgskole friluftslivlinje i samarbeid med Røde Kors

Du avsluttar året med Hjelpekorpsprøva, slik at du kan bli godkjent hjelpekorpsarbeidar. Etter dette kan du melde deg inn i lokale Røde Kors-lag over heile landet og halde fram med frivillig innsats.

Mange hjelpekorps er med som sanitetsvakter på større arrangement, alt frå festivalar, konsertar til idrett. Du får dermed sjansen til å bidra på viktige oppdrag, samtidig som du får med deg mykje kjekt, og det, heilt gratis.

Kven passar linja for?

Du er interessert i friluftsliv og vil lære deg førstehjelp, søk og redning.

Du vurderer kanskje ei framtid innan helse, redning, omsorg eller vil bli ein ressursperson i situasjonar der det verkeleg gjeld. Du er opptatt av å ville hjelpe andre.

Våre forventningar til deg

  • Du er villig til å bli utfordra på egne ferdigheiter i naturen

  • Du ønskjer å bidra til eit godt fellesskap i gruppa

  • Forkunnskap er ikkje nødvendig, men du må vere motivert, nysgjerrig og klar for å lære noko nytt

Søk her

Sjå storøving med hjelpekorset

Møt Kjartan

Lærar | Friluftsliv Explorer 360

Kjartan elskar å utfordre elementa som finst ute i naturen, året rundt. Han klatrar på alt fra småstein til større fjell, går på fjelltoppar med både ski og sykkel, og likar å utforske havet, både over og under, i vinden og på bølgene.

Han er utdanna friluftslivslærar ved Universitetet i Sørøst-Norge, og har erfaring som instruktør og rettleiar innan eit breitt spekter av friluftslivsaktivitetar.

Snakk med Kjartan

Lærar | Friluftsliv Explorer 360

Emilie har alltid hatt naturen som sin leikeplass og arbeidsplass. Ho er eventyrar, hundekøyrar og friluftsentusiast, og har jobba med friluftsliv og dyr så lenge ho kan hugse.

Gjennom åra har ho vore både guide, turleiar og jobba på ei turisthytte på Hardangervidda. Ho har også jobba på friluftsbutikken Revir i Oslo og har til og med vore kjøkkensjef på restaurant!

Emilie har utdanning i natur- og opplevingsbasert reiseliv i Sogndal og har budd både i Australia og på Costa Rica. Ho elskar å reise, leve enkelt og vere ute, enten ho står på ski, søv under open himmel eller dagdrøymer om lange ekspedisjonar i isødet med dei sju polarhundane sine.

Møt Emilie

Snakk med Emilie

Møt Katinka

– Det er rått å stå på ein fjelltopp og vite at eg kan ta ansvar om uhellet er ute. Her får du prøve nye interesser i trygge rammer og utvikle deg sjølv. Året har gjort meg meir trygg, og gjort det enklare å kaste meg ut i det ukjente, seier Katinka.

Katinka | Elev 2024-2025

Les heile historia

Litt om kvardagen på skulen

Sjekk ut

Slik søke du

1. Fyll ut søknadsskjemaet

Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.

2. Søknaden din behandlast

Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.

3. Svar ja eller nei til plassen

Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.

Send søknad

Kva seier elevane våre?

Bli kjent med oss på Instagram