Viking
Likar du å vere ute, fiske og lage mat på bål? Vil du lære deg gamle handverkstradisjonar- og teknikkar, og syns vikinghistoria er spennande? Då er du på rett plass.
Om linja
Vikingane var kjende for sitt imponerande handverk, og dei likte å pynte seg. På vikinglinja får du prøve deg i handverkarrolla og lære fleire av handverksteknikkane som vikingane brukte.
Du får gjere alt frå å smi ditt eige bestikk, spinne ditt eige garn og veve brikkeband til å sy dine eigne klede og sko. Du får sjølvsagt jobbe mykje med tre, ull, skinn og leire, og lage gjenstandar som vikingane gjorde.
På vikinglinja får du leve tett på naturen. Du vil gå mange turar i området, lære å sanke og hauste av det fjorden, fjella og skogen har å by på. Vi overnattar gjerne i telt eller under open himmel når vi har sjansen til det.
Dette får du vere med på:
🔨 Smi og arbeide med tre, skinn og tekstil
Prøv deg som handverkar og lag alt frå reiskap til smykke, alt med utgangspunkt i gamle teknikkar.
🚣♂️ Ro Myklebustskipet
Bli med å ro verdast største rekonstruerte vikingskip ved sjøsetting hos Sagastad.
🔥 Lage mat på bål og i kokegrop
Du får lære å sanke, hauste og lage mat på ulike måtar ute i naturen.
🎣 Fiske i fjorden, elvar og vatn
Bli med på fisketurar der vi testar ut fiskelykka med både stang, garn og line.
✨ Overnatte under open himmel og i telt
Vi pakkar sekken og slår leir og søv under open himmel om véret tillet det.
🎒 “Vikingtokt” til Island og Gudvangen
Vi reiser i spora til vikingane, både til Island og andre kortreiste turar på Vestlandet.
Dette vil du lære
Dette er året du skal få kjenne historia på kroppen! Du får med deg kunnskap og erfaringar du kan bygge vidare på, enten du vil ta utdanning innan historie, arkeologi eller tradisjonshandverk. Ikkje minst får du ei verdifull pause frå tekniske dupedittar og det konstante tidsjaket som vi har i vår moderne tid.
Du vil lære om:
Kulturarven vår, både historia og praksis
Smi i jern og stål, samt lage enkle smykke av metall og bein
Lage gjenstander av både grønt og tørt treverk
Matlaging over eld
Rolla vikingane fekk i historia og i moderne tid
Arbeide med leire
Innføring i blankvåpen og bueskyting
Lage alt du treng av kle og utrustning
Ri og bli kjent med fjordhesten
Vikinghistorie, samfunn og tankesett
Med over 20 valgfag kan du tilpasse din eige timeplan og fordjupe deg i det du vil. Her får du sjansen til å utforske alt frå hesteriding til barista!
Bli med å ro Myklebustskipet ved sjøsetting!
Gjennom samarbeidet med vikingsenteret Sagastad får du vere med på historiekveldar og sjøsettinga av Myklebustskipet. Sistnemnde tiltrekk seg tusenvis av folk frå både inn- og utland, og du kan vere med å ro det!
Du får også vere med å organisere og bu i vikingleiren ved Sagastad, som er éin av fleire mogelegheiter i løpet av året du har til å leve deg over tusen år tilbake i tid. Vil du ha ei ekstra utfordring, kan du bryne deg på klatreruta til Olav Tryggvason for å nå toppen av Hornelen, Europas høgaste sjøklippe, og tenne vardebål.
På Nordfjordeid er vi omgitt av historiske plassar. Myklebustskipet, verdas største vikingskip, vart funne her. På Dragseidet kan du stå der vikingskipa blei dregne over land når havet ved Stad var for vilt. Ved Tvinnefossen finne du det som mange meiner er den største fossen i Nord-Europa ein kan gå bak.
Kven passar linja for?
Viking er for deg som er glad i naturen, handverk og vil lære meir om vikinghistoria. Du er kanskje ny eller har erfaring frå vikingmiljøet, uansett startar vi på det nivået du er på.
Våre forventninger til deg
At du er positiv, har eit ope sinn og tek utfordringar med eit smil. Du har interesse for naturen, historie og vikingtida.
Turar og opplevingar du får vere med på
Møt Elise
Lærar | Viking
Elise har bakgrunn innan både historie og kulturarv, og brenn for å formidle historie på ein levande måte.
Ho har bachelorgrad i historie frå Høgskulen på Vestlandet, mastergrad i museologi og kulturarvsstudier frå Universitetet i Oslo, og har sjølv vore både elev og stipendiat på Fjordane folkehøgskule.
Gjennom fleire år har ho undervist i brikkeveving på skulen og vore engasjert i formidling av vikingtida, handverk og kulturhistorie. Elise trivst best når kunnskapen kan kombinerast med praktisk arbeid.
Når ho ikkje er på skulen, bruker ho gjerne tida på lesing, yoga, trening eller handarbeid, og hentar inspirasjon frå både historie og fantasy-litteratur.
Slik søke du
1. Fyll ut søknadsskjemaet
Det er heilt uforpliktande og ikkje komplisert. Vi treng å vite litt om kven du er, dine interesser og om kvifor du ønsker å bli elev hos oss.
2. Søknaden din behandlast
Først får du bekrefta at vi har mottatt søknaden din. Etter 15. november er det løpande opptak og du vil motta et eventuelt tilbud om plass så raskt som mogleg.
3. Svar ja eller nei til plassen
Du har 10 dagar på deg til å svare ja/nei viss du har fått tilbud om plass. Seier du ja, må du betale innmeldingspengar på kr. 2.900,-.
Kva seier elevane våre?


